Til NM i byggteknikk

TIL NM: Etter ein lang diskusjon kom juryen fram til at Ådne Næss Aune fra Surnadal laga det beste produktet. Han er dermed kvalifisert til Noregsmeisterskapet som blir arrangert i Elverum i april. 

TIL NM: Etter ein lang diskusjon kom juryen fram til at Ådne Næss Aune fra Surnadal laga det beste produktet. Han er dermed kvalifisert til Noregsmeisterskapet som blir arrangert i Elverum i april. 

Surnadalingen Ådne Næss Aune vann fylkesmeisterskapet i byggteknikk.

DEL

Tysdag vart der arrangert fylkesmeisterskap i byggteknikk på Surnadal vidaregåande skole. Det var berre fire elevar i Møre og Romsdal som deltok i konkurransen, og alle fire er elevar på Surnadal vidaregåande skole, skriv skulen i ei pressemelding.

Elevane fekk utdelt ei oppgåve tysdag morgon, og det ferdige byggverket vart bedømt av ein ekstern jury som bestod av Tor Asle Ranes, Arve Ervik, Birger Nøstvold og Arne Rydningen. 

Dei fire elevane som deltok i fylkesfinalen var Ole Einar Skjermo (Rindal), Ådne Næss Aune (Surnadal), Per Karsten Reiten (Halsa) og Tobias Grøtan (Rindal). I løpet av tre timar skulle dei byggje eit hjørne av ein veggkonstruksjon. Juryen var einig om at alle hadde gjort ein svært god jobb, og dei var sikre på at alle ville bli gode lærlingar i faget. 

Etter ein lang diskusjon kom juryen fram til at Ådne Næss Aune fra Surnadal laga det beste produktet. Han er dermed kvalifisert til Noregsmeisterskapet som blir arrangert i Elverum i april. 

Artikkeltags