Stor stemning og høg fart i ny sykkelløype

DEMONSTRERTE: Syver Vetleseter Melling demonstrere både løypa og eigne ferdigheter. Og ein dag blir også lillebror Einar (3 år, til venstre) stor nok ...

DEMONSTRERTE: Syver Vetleseter Melling demonstrere både løypa og eigne ferdigheter. Og ein dag blir også lillebror Einar (3 år, til venstre) stor nok ...

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Søndag var ein stor dag for små bøfjordingar. Sykkelløypa på Settemsørane vart opna og teken i bruk.

DEL

Om veret ikkje var det beste, var stemninga stor og farten høg langs den spennande løypa. Sidan i vår har Bøfjord Idrettslag og småbarnsforeldre lagt ned mange hundre dugnadstimar i det flotte terrenget ved utløpet av Settemselva.

Utanom løypa er det også bygd tribune og terrasse der tilskuarar og ikkje-aktive kan opphalde seg – gjerne med ein kaffekopp.

Anlegget har fått materialar og støtte frå mange. Midlar frå minnegåva etter Lars Magne Settemsdal (1952-2015) er også ein del av finansieringa. Difor var det både flott og gripande at barnebarnet Elisabeth fekk klippe den raude snora og opne løypa.

Artikkeltags