Heggemselva Mikrokraft i drift: – Og det vart lys!

Stor dag: Her lagar turbinen sine første watt. Frå venstre eigar Nonnon Heggem, turbinleverandør Ulf Andreassen, installatør Odd Harald Talgø, maskinkjørar Ingebrigt Garthe og eigar Bjørge Aasbø.

Stor dag: Her lagar turbinen sine første watt. Frå venstre eigar Nonnon Heggem, turbinleverandør Ulf Andreassen, installatør Odd Harald Talgø, maskinkjørar Ingebrigt Garthe og eigar Bjørge Aasbø. Foto:

Av

Med historisk sus lyser no lampene på Dragset og Heggem i Bøfjorden av kortreist sjøleigande strøm. Forleden starta nemleg Heggemselva Mikrokraft AS med 75.000 fortløpande watt.

DEL

Innsendt bidrag:Eigarane Bjørge Aasbø (Dragset) og John Nonnon Heggem starta bygginga i august i fjor og har eigenhendig gjort alt dei sjøl kunne utføre på gardskraftverket. Eit par tusen arbeidstimar (ispedd ein god del nattevåk!) med eigentenkt arkitektur, teknisk innovasjon, grunnarbeid, støyping av damanlegg, bygging av turbinhus og rørgater, søknader og formaliteter ligg bak når turbinen no er sett i sving.

Fornyar bestefars historie

Opningsdagen var historisk i dobbel forstand. Alt på 1930-talet bygde nemleg bestefar til dagens brukar første gardskraftverket på Heggem – lenge før andre i bygda fekk elektrisitet.

Med vassføringa i Heggemselva som evig fornybar ressurs hadde nabogardane for sju år sidan planer og godkjenningar klare for eit relativt stort kraftverk.

– Dette vart skrinlagt på grunn av for store kostnader, seier Nonnon Heggem.

– Men så bestemte vi oss for eit såkalla mikrokraftverk, og i fjor starta arbeidet med dette.

Kake: Flagget til topps på kaka, medan paraplyane markerer at regnet er ein kraftressurs!

Kake: Flagget til topps på kaka, medan paraplyane markerer at regnet er ein kraftressurs!

Dragset og Heggem eig elva som dannar bytet mellom gardane, forutan at Håkon Lasse Leira på sommarbustaden Bruvollen også har ein liten del av vassrettane.

Frå demning til turbin

Oppe ved Dragset er det støypt inntaksdam. Derifrå går 440 meter rør ned til nybygd turbinhus attmed Heggem. Ein storflaum som tok med seg mykje av grusen i rørgrøfta, er blant dei få uhella under anleggsperioden. Maskinkjørar Ingebrigt Garthe har utført mykje av terrengarbeidet saman med Bjørge og Nonnon.

Verket har ein kapasitet på 75 kilowatt – meir enn nok til normalt bruk på gardane. Overskotsproduksjonen blir selt til Svorka Energi. I periodar med underproduksjon på grunn av lite vassføring kan eigarane kjøpe strøm der.

Turbinen, av det italienske merket IREM, er levert av Fossingkraft ved Kragerø. Frå leverandøren var da også ingeniør Ulf Andreassen med på opninga. Bjørge og Nonnon har sjøl konstruert vassinntaket og montert turbinen, medan AS Elektro i Surnadal har stått for installasjonen. Svorka Energi har bygd eigen trafo attmed uttaket.

Inntaket ferdigstøypt, enno med forskalinga på – fotografert 22. desember. Røruttaket i framkant.

Inntaket ferdigstøypt, enno med forskalinga på – fotografert 22. desember. Røruttaket i framkant.

På full drift brukar turbinen 140 liter vatn i sekundet. Men sjøl med ein firedel av dette, 30–40 liter, gir den ein strømproduksjon på 15 kilowatt.

– Slik vassførselen her varierer gjennom året, høver denne turbinen godt for oss, seier Nonnon.

Feira miljøvennleg strøm

Anlegget er finansiert med lån frå Surnadal Sparebank, men utan statleg tilskot. I samband med opninga vart det kalla eit tankekors at slik rein og fornybar energi ikkje blir støtta av myndighetene i ei tid med alvorlege klima- og kraftproblem. Kanskje rart at ikkje fleire byggjer ut evigvarande vasskraftkjelder i denne miljøvennlege målestokken?

Turbindelane klare til montering.

Turbindelane klare til montering.

Ved sjølsyn kan ein konstatere at utbygginga av Heggemselva i alle fall er gjort på ein måte som ivaretek – ja, endatil forskjønnar naturen på staden!

Kakefest: Kaffegjestene tykte sjølsagt at nystrømmen gav ekstra glans i lampa over bordet! Frå venstre Ulf Andreassen frå Fossingkraft, installatørane Odd Harald og Magnus, maskinkjørar Ingebrigt, eigar og husvert Nonnon og medeigar Bodil Kvam Aasbø.

Kakefest: Kaffegjestene tykte sjølsagt at nystrømmen gav ekstra glans i lampa over bordet! Frå venstre Ulf Andreassen frå Fossingkraft, installatørane Odd Harald og Magnus, maskinkjørar Ingebrigt, eigar og husvert Nonnon og medeigar Bodil Kvam Aasbø.

Installatørar, leverandør og maskinkjørar var æresgjester saman med eigarane attmed kaffebordet da det flunkande nye kraftverket var ferdigstilt og justert. Blautkaka hadde norske flagg – og paraplyar. Dette siste for å symbolisere at regnet kan vera ein verdifull ressurs!

John Heggem inspiserer elva på opningsdagen. Her renn det ledige vatnet som ikkje tek turen innom kraftstasjonen.

John Heggem inspiserer elva på opningsdagen. Her renn det ledige vatnet som ikkje tek turen innom kraftstasjonen.

Og som skrive står: Det vart lys! Ja – blant kaffegjestene vart det bemerka at lampa over bordet lyste blankare enn nokon gong. Klart at den nye strømmen frå Heggemselva Mikrokraft gir ein særeigen, vakker glans.

Artikkeltags