Arbeidsmiljøpris for godt samarbeid

PRISET: Delegasjonen frå Surnadal kommune samla, med tillitsvalte, politikarar og administrasjon etter prisutdelinga onsdag: Jan Terje Moen (til venstre), Gretha-Therese Varvik, Inger Nordby, Gunn Heidi Ansnes, Tove Naterstad, Gunhild Eidsli, Lilly Gunn Nyheim, Egil Nedal, Knut Haugen og Odd Asbjørn Bævre.

PRISET: Delegasjonen frå Surnadal kommune samla, med tillitsvalte, politikarar og administrasjon etter prisutdelinga onsdag: Jan Terje Moen (til venstre), Gretha-Therese Varvik, Inger Nordby, Gunn Heidi Ansnes, Tove Naterstad, Gunhild Eidsli, Lilly Gunn Nyheim, Egil Nedal, Knut Haugen og Odd Asbjørn Bævre. Foto:

Trepartssamarbeidet i Surnadal fekk Arbeidsmiljøprisen 2019.

DEL

Det skriv kommunen i ei pressemelding onsdag kveld.

– Vi er veldig glad for og setter stor pris på at vi har fått Arbeidsmiljøprisen 2019, seier rådmann Knut Haugen.

Bakgrunnen for prisen er det gode samarbeidet i kommunen.

– Med «Trepartssamarbeidet» meiner vi det formelle og forpliktande samarbeidet som er inngått mellom politikarar, arbeidstakarar og administrasjonen i kommunen vår. I avtalen er det nedfelt ei felles overordna målsetting om å samarbeide til det beste for Surnadal kommune, alle innbyggjarane våre og dei tilsette, forklarar rådmannen.

Prisen blir utdelt av Utdanningsforbundet, Fagforbundet og KS i Møre og Romsdal kvart år.

I praksis betyr Trepartssamarbeidet at:

* ved oppretting av arbeidsgrupper, nemnder og utval skal alle tre partane vere representert, for å sikre god involvering og samhandling

* vi har felles arrangement for alle tilsette og politikarar kvart år – VI-seminar.

* det er brei deltaking frå alle tre partane på budsjettkonferansen, med over 50 deltakarar hausten 2018, og der det legges stor vekt på å ha ein open prosess med pressa til stades.

* vi har faste møter, minimum to gonger i året, der tema m.a. er aktuelt utviklingsarbeid i kommunen.

* det skal vere tre likeverdige partar som arbeider for å utvikle kommunen, og som utviser respekt og toleranse for kvarandre.

– Gjennom trepartssamarbeidet har vi etablert ein kultur for samarbeid, meiningsutveksling og respekt for kvarandre sine roller. Det kan vere diskusjonar og usemje om ulike spørsmål, men det etablerte samarbeidet gjer at det er takhøgde for at det er greit at vi ikkje alltid er samde, seier Haugen.

– At vi vart tildelt arbeidsmiljøprisen gir oss mykje motivasjon til å halde fram med trepartssamarbeidet, men samstundes er det noko som forplikter oss. Det forplikter oss både til å halde fram med trepartssamarbeidet som vi har etablert, og til å ta dette samarbeidet eit steg vidare, slik at det blir ein god samarbeidsform på alle nivå i organisasjonen vår, og også med tanke på innbygger-/brukarinvolvering for forbetring og kvalitetsutvikling av tenestene våre, seier Haugen.

Han seier at kommunen tek imot Arbeidsmiljøprisen 2019 med glede, respekt og ydmykhet, og med ei erkjenning om at man langt frå er perfekte.

– Men Arbeidsmiljøprisen gir oss motivasjon og pågangsmot til å halde fram med Trepartssamarbeidet, og vi har trua på at det fortsatt vil vere til det beste for kommunen vår og alle innbyggjarane, seier Haugen.

Artikkeltags