Reiselivsbedrift på Sunnmøre bøtelagt etter båtturar i freda område

Det var i dette området RIB-turene foregikk.

Det var i dette området RIB-turene foregikk. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Møre og Romsdal politidistrikt har gitt bøter til eit reiselivsselskap og ein båtførar etter ferdsel innanfor forbodssona ved Rundefjellet og Grasøyane i fjor sommar. Det skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

- Reiselivsselskapet og båtføraren er ilagt straff for å ha brote naturmangfaldlova. Selskapet er også straffa for brot på forskrift om vern av fire fuglefredningsområder og vern av fuglelivet på og omkring Runde i Herøy og Ulstein, seier politiadvokat Elisabeth Fiksdal i Møre og Romsdal politidistrikt.

I den lokale forskrifta står det at føremålet med fredinga er å ta vare på eit rikt og interessant fugleliv og fuglane sitt livsmiljø, serleg med omsyn til sjøfuglkoloniane. Denne forskrifta gjeld også freding av vegetasjon på land samt pattedyra som til dømes sel (steinkobbe og havert) og oter. Her er mellom anna eit generelt ferdselsforbod frå 15. mars til 31. august for dei tre områda på Runde og frå 15. april til 15. august i Grasøyane.

Selskapet har gjennomført passasjerturar med motorisert RIB-båt til Rundefjellet og Grasøyane ved fleire høve i juni og juli i fjor sommar. GPS-køyretraseane frå båtane tilseier at delar av ruta som vart brukt låg innanfor vernesona. Reiselivsselskapet har difor fått ei førelegg på 100.000 kroner for brot på ferdselsforbodet.

Båtføraren har fått sitt førelegg på 20.000 kroner etter ein konkret passasjertur han utførte for reiselivsselskapet den 13. juni 2018. Under turen meiner politiet at han førte båten gjennom ein flokk med rastande sjøfugl, på ein slik måte at fuglane blei påført liding. Bota gjeld brot på naturmangfaldlova § 15.

Bøtene er forkynt for selskapet og føraren. Politiet har ikkje så langt ikkje fått svar på om dei vedtek førelegga, heiter det i pressemeldinga.

Artikkeltags