Rabiessmitte er stadfesta hos pasient i Førde - personer i andre fylker sjekkes

BEKREFTAR: Helse Førde melder laurdag kveld at ein pasient er smitta med rabies.

BEKREFTAR: Helse Førde melder laurdag kveld at ein pasient er smitta med rabies.

Helse Førde har fått stadfesta at ein pasient er smitta med rabies. Det er første gong sidan 1815 at det er påvist rabies hos eit menneske på det norske fastlandet.

DEL

(Firda): Helse Førde fekk laurdag analysesvar frå dei statlege Folkehelsemyndigheitene i Sverige på prøvene frå pasienten som er innlagt på Førde sentralsjukehus.

Vedkommande vart biten av ein hund under ein ferietur i Asia for vel to månader sidan, og har gradvis vorte dårlegare.

– Gjennom desse prøvesvara har vi no fått stadfesta at diagnosen er rabies, seier fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes i ei pressemelding laurdag kveld.

– Vi tek framleis alle naudsynte forholdsreglar, og held fram med smitteverntiltak slik regelverket tilseier og i samråd med Folkehelseinstituttet.

– Vår viktigaste oppgåve er å behandle pasienten og ta vare på dei pårørande

Mistenker at pasient er smitta av rabies 

– Pasienten er alvorleg sjuk. Ut over dette ønskjer vi ikkje å gå ut med opplysningar om tilstanden, seier Vingsnes i pressemeldinga.

Helse Førde vil ikkje seie noko om kjønn, alder eller kvar i Sogn og Fjordane pasienten er ifrå.

Ifølge Folkehelseinstituttet er det første gong sidan 1815 at det er påvist rabies hos eit menneske på det norske fastlandet.

Rabies er ein svært alvorleg virussjukdom som angrip nervesystemet.

Mistenkjer fleire er smitta

Til Firda seier Hunskår Vingsnes at dei mistenkjer at fleire kan vere smitta.

– Det var fleire andre på same reise som pasienten, som også var i kontakt med hunden. Dermed er det ein reel smittefare, seier ho og viser til at Folkehelseinstituttet har eit system for å spore opp dei personane dette gjeld.

Dei er alle heimehøyrande i andre fylke. Smittevernansvarlege i deira heimkommunar er varsla.

Tidens Krav har lørdag kveld vært i kontakt med Helse Møre og Romsdal. Kommunikasjonsrådgiver Hege Hegle skriver i en SMS at hun ikke er varslet om ligndende tilfeller i Møre og Romsdal.

- Jeg skal sjekke dette med smittevernoverlegen i løpet av søndagen.

Folkehelseinstituttet informerer om at personane blir følgt opp av lokalt helsevesen.

– Alvorleg sjuk

Det var tidlegare denne veka at ein fekk kjennskap til hundebitet. Torsdag vart det teke prøver og sendt til analyse i Sverige, då det ikkje er nokon i Norge som gjer slike analysar. 

På eit informasjonsmøte for tilsette ved Førde sentralsjukehus fredag opplyste Vingsnes at det ikkje er rapportert om at rabies smittar mellom menneske.

Smitte til helsepersonell ved enkelte medisinske prosedyrar har vore diskutert, men det er aldri dokumentert at det har skjedd, korkje i Norge eller i utlandet.

Fakta om rabies

Om ein blir smitta har rabies eit raskt forløp. Sjukdommen debuterer med smerter og ubehag i og rundt bitstaden, samt sjukdomskjensle. Deretter følgjer uro, depresjon og angstanfall. Hyperaktivitet, aggresjon, hyperventilasjon, auka spyttsekresjon og krampeanfall.

Gradvis aukande lamming og koma.

Sjukdommen er nesten alltid dødleg, og tek livet av 50.000-70.000 i året.

Kjelde: Folkehelseinstituttet.

Artikkeltags