92 prosent av elevane fekk oppfylt ønsket sitt

Etter andreinntaket er det dei vidaregåande skolane som no gir tilbod til elevar på venteliste

Etter andreinntaket er det dei vidaregåande skolane som no gir tilbod til elevar på venteliste Foto:

No har alle søkarar med ungdomsrett fått tilbod om skuleplass ...

DEL

... Men ikkje alle har fått det første ønsket sitt oppfylt.

– Dersom det blir ledige skuleplassar, er det dei vidaregåande skulane som no gir tilbod til dei som står på ventelistene, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine nettsider.

Nokre ungdommar har blitt tatt inn på skular dei ikkje har søkt på.

Ifølge fylkeskommuna så er det no av alle som har søkt vidaregåande skole, har i snitt 92 prosent av søkarane fått oppfylt sitt første ønske på utdanningsprogram/programområde. Fordelt på nivå har 88 prosent på Vg1, 93 prosent på Vg2, og 98 prosent på Vg3, fått tilbod om førsteønsket sitt. Dette gjeld utdanningsprogram/programområde, men ikkje skuleønske.

Artikkeltags