Publikumsrekord i Aure

Kristopher Schau med bandet The Cumshots, laga stor stemning på Rock mot ras.

Kristopher Schau med bandet The Cumshots, laga stor stemning på Rock mot ras.

Artikkelen er over 10 år gammel

AURE: I alt var 850 menneske innom festivalen Rock mot ras i Aure i helga. – Publikumsrekord, og ein vellykka festival der alt har gått etter oppskrifta, seier festivalsjef Ole Bendik Nilsen.

DEL

– Artistane tar festivalen på alvor; dette er ingen liksom-festival. Grunnpilaren er lokal, men vi vil fortsette å hente inn kjente namn, seier festivalsjef Ole Bendik Nilsen, som samtidig lovar ny fest neste år.

I alt skal 850 menneske ha vore innom festivalen fredag og laurdag. Musikalsk er Rock mot ras variert, med 15 ulike innslag frå scena, i tillegg til DJ og tre uformelle konsertar i klubbteltet.

Mange fekk i år kanskje sin første nærkontakt med sjangeren hip-hop, som debuterte på Rock mot ras med den sjarmerande og ordrappe gruppa Gode Ord Dør Sist, frå Trondheim. Trioen Børek, Tfuzz og Dekstra Large fekk folk med, og overraska med å rappe over ei liste gamle dialektuttrykk frå Aure.

– Takk for at vi fikk kom hit. Nydelig dialekt har dokk også, ropa Tfuzz før han rappa seg av scenen.

Nest sist, og utan tvil festivalprogrammet sitt høgdepunkt, var Kristopher Schau og The Cumshots. Schau er show, og har høg kjendisfaktor blanda med sikker sceneautoritet. Men det er tre år sia The Cumshots vart verdsmeistrar i rock, og fem er gått etter kåringa av Schau som landets mest sexy mann. Den litt aldrande «Max Cargo» har slutta å bryte armar og bein på scenen. No nøyer han seg med å dra i buksesmekken eller sleike på mikrofonen. Noko halvhjerta og innøvd var det også over dei verbale sex/sprit/død-meldingane ut til publikum. Men mannen og bandet gav ei solid heavy-metal oppvisning, inkludert den obligatoriske turen ut mellom publikum. Likevel var det meir flinkt og korrekt enn akkurat spennande.

Artikkeltags