Klinge kritisk til politireformen

Jenny Klinge i Sp.

Jenny Klinge i Sp.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Selv om Senterpartiets justispolitiske talsperson, Jenny Klinge, er fornøyd med at det fortsatt vil være et lensmannskontor i Smøla kommune, er hun kritisk til politireformen i sin helhet for Møre og Romsdal.

Les også: Smøla-ordføreren lettet over at lensmannskontoret vernes

- For eit stort og kronglete politidistrikt som Møre og Romsdal, med store avstandar og ferjer og fjordar, vil avgjerda ha mykje å seie for korleis politiet utviklar seg i åra framover. Regjeringa gjekk inn for ei sentralisering av politiet, og no ser vi konsekvensen av det. Nærpolitiet vil forsvinne frå mange lokalsamfunn, med dei følgjene dette vil få for førebyggjande arbeid og tillit mellom folk og politi. Dette er inga «nærpolitireform» som regjeringa kallar det, det er heller ei rasering av det lokale politiet mange stader, skriver Klinge i en pressemelding.

Hun oppfordrer kommunene til å bruke muligheten til å klage på Politidirektoratet sin endelige konklusjon.'

- Det er mogleg å klage på vedtaket frå Politidirektoratet. Då vil det i siste instans kunne ende opp i Justisdepartementet, og dei får vise kva dei legg i denne såkalla nærpolitireforma ein gong til.

Klinge har ingen tro på at den nye reformen vil gi bedre polititjenester i distriktene.

- Det høyrest kanskje fint ut med politi på hjul som kjem når noko skjer, men eit fjernt, men mobilt politi kan aldri erstatte eit lokalt politi som er ein del av lokalsamfunnet. Dessutan vil jo ikkje politipatruljane halde seg der det bur minst folk og der avstandane er store, dei køyrer helst der det skjer mest. Derfor treng ikkje beredskapen å bli noko betre i praksis for dei delane av fylket som er langt unna byane og dei største tettstadene, det blir heller tvert imot, skriver hun.

Artikkeltags