- Nitrist at Ap støttar utvinning av den siste olje

PÅ LANDSMØTE: Delegasjonen frå Møre og Romsdal på helgas landsmøte i SV: Yvonne Wold (til venstre), Kim Thoresen-Vestre, Line Karlsvik, Skafti Helgason, Marit Aklestad, Ulv Karlsen Ottem, Rikke Sørdahl og Anders Lindbeck.

PÅ LANDSMØTE: Delegasjonen frå Møre og Romsdal på helgas landsmøte i SV: Yvonne Wold (til venstre), Kim Thoresen-Vestre, Line Karlsvik, Skafti Helgason, Marit Aklestad, Ulv Karlsen Ottem, Rikke Sørdahl og Anders Lindbeck.

SV krystallklare når det gjeld oljeboring på Møreblokkene og i Lofoten, Vesterålen og Senja.

DEL

Vær hjemme selv om du er borte. Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

Medan oljeforkjemparane i Møre og Romsdal Ap vann fram på fylkesårsmøtet i partiet i helga, er SV-landsmøtet krystallklare når det gjeld oljeboring i dei mest sårbare områda. Det skriv SV i ei pressemelding søndag.

- Vi syns det er nitrist at AP no i praksis støttar utvinning av den siste olje, og dermed sender rekninga i form av  klimaendringar, gambling med fiskeressursane og tapte mulegheiter for framtidsretta arbeidsplassar over til neste generasjon, seier 1. kandidat for SV Møre og Romsdal, Yvonne Wold.

- Eg er kjempeglad for at SV-landsmøtet no har vedteke oljefritt LoVeSe og oljefrie Mørebankar som eitt av hovedkrava til eventuelle regjeringsforhandlingar etter valet.

Frå olje til nullutslepp

Vedtaket frå landsmøtet lyder: Vi vil bekjempe farlege klimaendringar ved å gå frå olje til nullutslepp. Om verda skal klare å løyse klimaproblema må store deler av verdas fossile ressursar forbli ubrukte. Vi vil sørge for at sårbare og verdfulle område som Lofoten, Vesterålen, Senja, Møreblokkene, iskanten, polarfronten og uopna deler på norsk sokkel vert verande utan petroleumsverksemd.  

- Dette er ein stor siger for oss i Møre og Romsdal SV, seier Wold, som i innlegget sitt på landsmøtet sa følgjande:

Eitt av fire krav

- For oss i Møre og Romsdal, som har kjempa for fødestova til silda på Mørebankane i mange år, er det veldig viktig at dette no er løfta opp som eitt av SVs fire hovedkrav i eventuelle forhandlingar etter valet.  Det handlar sjølvsagt om klima; skal verda greie å løyse klimaproblema, må store deler av dei fossile ressursane forbli ubrukte. Då er det ingen grunn til å starte oljeboring i nokre av dei mest sårbare områda vi har! Men det handlar om meir. Det handlar om matfatet vårt i framtida: fisken og alle dei andre ressursane i havet vi berre så vidt er byrja forske på. Kvart år kjem milliardar av sild inn til kysten for å gyte etter ei lang ferd frå nord. Kor stort dette er anar me når me veit at vekta av silderogna tilsvarar tre gonger vekta av Norges befolkning! Det handlar om fuglane, mellom anna på Norges sørlegaste fuglefjell på Runde. Det handlar om verdfull natur over og under havflata, og det handlar om framtidsnæringar og viktige distriktsarbeidsplassar innanfor mellom anna fiskeri, taredyrking og reiseliv.

Artikkeltags