1,35 mill. til «havbrukshub» på Nordmøre

-Vi er veldig glade for at fylkeskommunen løyver støtte til prosjektet, seier dagleg leiar i KNN, Finn Backer

-Vi er veldig glade for at fylkeskommunen løyver støtte til prosjektet, seier dagleg leiar i KNN, Finn Backer

Artikkelen er over 3 år gammel

Fylkeskommunen vil bidra til å styrke havbrukssatsinga på Nordmøre og går inn med midlar til leverandørnettverket «Service på merdkanten»

DEL

Havbruksnæringa er ein av dei store bærebjelkane i norsk økonomi, og Nordmøre har mange kompetanse-, utstyrs- og serviceleverandørar til næringa. Eit forstudium viser at det kan ligge stor økonomisk gevinst gjennom å samarbeide i bedriftsnettverk. Koplinga til kompetansen i olje- og gassnæringa blir også trekt fram.

Skal løyse problema i lag 

Bedriftene i nettverket skal saman arbeide for å finne nye og kostnadseffektive løysingar for å betre fiskevelferd. Dette skal skje gjennom utvikling av teknologi og tiltak for å styrke innovasjons- og konkurransekrafta.

Det er Kristiansund og Nordmøre Næringsforum (KNN) som skal drive prosjektet, og Ocean Network og Vindel (tidlegare Kudtzon Bølgen Innovasjon) får ansvar for teknisk leiing og utvikling. Prosjektet har ei kostnadsramme på 2 850 000, der fylkeskommunen går inn med 1 350 000, KNN går inn med 600 000 og aktørane bidrar med 900 000 i form av eigeninnsats.

-Vi er veldig glade for at fylkeskommunen løyver støtte til prosjektet, seier dagleg leiar i KNN, Finn Backer, i ei pressemelding. Gjennom løyvinga er fylket med på å vise at dei tar FOU, innovasjon og næring på alvor, og at vi kan bygge på dei naturlege føresetnadane for vekst i havbruksnæring.

Næringsklynge i ryggen

Nettverket skal organiserast som ein hub under næringsklynga NCE Aquatech Cluster, og vil dermed få nasjonal drahjelp til å realisere måla for prosjektet. Administrasjonen til NCE Aquatech ligg i Trondheim, og klynga ønskjer å knytte til seg aktørar frå heile landet.

Artikkeltags