Skal finne nye toppfolk i Venstre

PÅ LETING: Iver Nordseth skal på leting rundt om i fylket på jakt etter dei nye toppfolka for Venstre.

PÅ LETING: Iver Nordseth skal på leting rundt om i fylket på jakt etter dei nye toppfolka for Venstre.

Artikkelen er over 1 år gammel

I fire periodar har Møre og Romsdal Venstre hatt fleire markante og slagkraftige fylkespolitikarar. No skal fylket trålast for å finne nye toppfolk.

DEL

Det skriv Møre og Romsdal Venstre i ei pressemelding. Gunn Berit Gjerde har takka ja til å leia nominasjonskomiteen. Med seg har ho både Iver Nordseth og Frøydis Austigard.

– Eg er svært glad for at desse no har tatt på seg oppgåva med å saumfare Møre og Romsdal for å finne Venstres nye kandidatar i fylket, seier fylkesleiar Britt Giske Andersen.

Heile fylkestingsgruppa til Venstre har sagt nei til attval neste år.

- Når tre solide og kunnskapsrike folk seier takk for seg, så gler det meg stort at dei har takka ja til å leie nominasjonskomiteen for å finna gode kandidatar. Som eit fylke prega av vekst og verdiskaping, må vi sikre oss at vi har dei beste folka der beslutningane skal takast. Og eg er sikker på at dei kjem til å jobba hardt for å finne dei beste kandidatane som skal sloss for betre løysingar for regionen vår, seier Giske Andersen 

- I tida fram mot nominasjonsvalet  vil dei bruke sitt nettverk og si kompetanse for å finne nye gode kandidatar  og arvtakarar til fylkesvalet 2019. Eg trur det vil skje med same engasjement som desse tre så imponerande har vist i politikken i alle desse åra, seier Giske Andersen.

- Vi har hatt eit fantastisk samarbeid i fylkestingsgruppa. Vi har utfylt kvarandre godt og vore i viktige posisjonar for å få fram god Venstre-politikk. No er vi opptekne av å sleppe andre til og få til eit nytt godt team, seier Gunn Berit Gjerde

Gjerde, Nordseth og Austigard får med seg Andrea Pracey, nestleiar i Møre og Romsdal Unge Venstre og ein representant frå Venstrekvinnelaget i nominasjonskomiteen. Sjølve nominasjonsmøtet der arvtakerne skal veljast er ikkje før 10. – 11. november.

Artikkeltags