- Breiband må byggast der det trengs mest

BREV: Fylkesutvalet med mellom anna Charles Tøsse (H) (til venstre), Torgeir Dahl (H), Frank Sve (Frp), Randi Karin Asbjørnsen (Sunnm) og Arild Iversen (KrF) har sendt brev til ministeren med krav om endring av kriteria for fordeling av midlane til utbygging av breiband. Det vart bestemt på møtet torsdag. Biletet er frå eit tidlegare møte i fylkesutvalet.

Samrøystes politikarar sender brav til ministeren med krav om endring kriteria for bruk av midlar til utbygging av breiband.

DEL

Det var fylkesutvalet som torsdag vart einige om å sende brev med innspel om fordeling av tilskot til breibandsutbygging til digitaliseringsminister Nikolai Astrup i Kommunal-  og moderniseringsdepartementet.

Bakgrunnen for brevet er at Møre og Romsdal er av fylka i landet med dårlegast utbygging av høghastigheitsbreiband (over 100 megabyte per sekund), med ein tilgang på 73 prosent. Til samanlikning har husstandane i Oslo 98 prosent tilgang. Berre fem fylke har lågare utbygd breibandsnett med høg fart enn Møre og Romsdal; Sogn og Fjordane (65), Hedmark (64), Oppland (63), Aust-Agder (71) og Nordland (70).

Dekninga har vorte betre dei siste åra, men framleis gjenstår mykje før politikarane vil seie seg nøgd. Derfor sender dei brev til Oslo og minister Astrup med beskjed om at kriteria for fordeling av midlar til breibandutbygging må endrast slik at dei fylka med dårlegast tilgang får største del av tildelinga frå Statsbudsjettet.

Det understrekast at det i større grad må leggast vekt på næringslivets behov ved fordeling av midlane.

- Breibandsutbygging må vere ein del av den nasjonale distrikts- og regionalpolitikken. Det betyr at også distriktsutfordringar må vere ein del av grunnlaget for fordeling av breibandstøtte, gjerne ved bruk av distriktsindeksen som utgangspunkt, skriv det samstemte fylkesutvalet i brevet til Astrup.

Artikkeltags