Ungdomspanelet om kuttforslag: – Betre å leggje ned Tingvoll videregående

Politikarane i ungdomspanelet meiner det er meir hensiktsmessig å leggje ned Tingvoll videregående skole enn å kutte linjetilbud rundt om i fylket.

Politikarane i ungdomspanelet meiner det er meir hensiktsmessig å leggje ned Tingvoll videregående skole enn å kutte linjetilbud rundt om i fylket.

Ungdomspolitikarane meiner det er svært uheldig at fylkeskommunen no er i ein situasjon der ein må kutte, og at dette vil ramme barn og unge i fylket betydeleg.

DEL

Sist veke hadde ungdomspanelet i Møre og Romsdal møte kor dei skulle behandle sakene om økonomiplanen for 2020-2023, og prosjektet Omstilling 2020.

– Sakene er komplekse og krevjande, men det er desto meir viktig at ungdommens stemme blir høyrd, seier leiar i ungdomspanelet Urtė Karanauskaitė.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som skriv dette i ei pressemelding søndag.

Ungdomspanelet har forståing for den økonomiske situasjonen fylket er i, og set stor pris på at dei nye prioriteringane innanfor kultur, næring og folkehelse ikkje rammer barn og unge direkte. Samtidig er panelet klar over at dette ikkje let seg gjere innanfor alle fylkeskommunale område, då særleg innan utdanning og samferdsel.

Leiaren i ungdomspanelet er bekymra over den økonomiske situasjonen.

– Det er svært uheldig at fylkeskommunen no er i ein situasjon der ein må kutte, og at dette vil ramme barn og unge i fylket betydeleg. Eg håper at politikarane vel å lytte til ungdommen, og vernar om flest mogleg av utdanningsmoglegheitene vi har i dag, seier Karanauskaitė.

– Betre å legge ned

Ungdomspanelet deler ikkje fylkespolitikaranes syn på desentralisert skolestruktur. Ungdomspanelet vurderer det slik at det kan vere meir hensiktsmessig å leggje ned Tingvoll videregående skole dersom det kan avverge nedleggingar av linjer rundt om i fylket. Også Herøy videregående skole avdeling Vanylven bør leggast ned, grunna lågt elevtal og at elevane i regionen har gode alternativ i det framtidige Vestland fylke, meiner ungdomspanelet.

Gjermundnes videregående skole har eit spesielt utdanningstilbod, meiner ungdomspanelet, og bør bevarast. Om mogleg, og om det sparar pengar, bør ein sjå på moglegheiter som administrative samanslåingar mellom Rauma videregående skole og Gjermundnes videregående skole.

Elles meiner ungdomspanelet at det er uheldig at elevar ikkje lengre får PC-stipend då stipendet fra Statens Lånekasse ikkje i alle høve er nok – men er veldig positiv til at tilbodet om skole-PC held fram.

Uroa over prisauke

På samferdselsområdet er det særleg forslaget om prisauke på FRAMung panelet er skeptiske til. Mandatet til ungdomspanelet, som er vedteke av alle ungdomsråd i Møre og Romsdal under ungdommens fylkesting, seier at panelet skal arbeide mot å auke prisar på FRAM Ung. Dei unge politikarane er bekymra over at prisauken hovudsakleg går ut over ungdom som ikkje har andre moglegheiter, som til dømes tilgjengelege foreldre eller eige køyretøy.

Dei er bekymra for færre brukarar og omdømmetap ved eit prisauke, og foreslår at det anten kan vere lurt å utvide tilbodet til å gjelde flybuss og nattbuss, eventuelt eit utvida aldersspenn frå den gjeldande for å inkludera studentane for å auke billettinntektene. Dei er også positive til meir reklame på buss og fergje som kan gi samferdselsområdet meir inntekt.

– Budsjettsituasjonen er forferdeleg i år. Eg håpar våre tilrådingar blir tatt omsyn til, slik at det ikkje må gå så veldig ut over ungdommen i fylket, avsluttar nestleiar i ungdomspanelet, Ole August Iversen.

Artikkeltags