Fòrmangelen: - No er det alvor!

KRISE: Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag oppfordrar bønder i regionen til å bidra så godt dei kan for å få ut så mykje fór så muleg.

KRISE: Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag oppfordrar bønder i regionen til å bidra så godt dei kan for å få ut så mykje fór så muleg.

Artikkelen er over 2 år gammel

Tørke kan føre til massenedslakting på grunn av fórmangel.

DEL

Tørka har allereie gjort stort innhogg i vinterfôret i Sør-Norge, og den bare fortsett.

– Resten av Nord-Europa er også ramma, så det er lite å få kjøpt der. I dei mest ramma områda er dei no i ferd med å slakte ut deler av buskapen, seier Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag i ei pressemelding torsdag.

I Møre og Romsdal er det varierande avlingar etter jordtype og lokal nedbør, men mange av dei lokale bøndene er ikkje av dei hardast ramma.

– Vi bør i dette kriseåret vurdere om det er noko vi kan bidra med. Er det mogleg å gjødsle litt ekstra for å hente litt meir ut av enga? Ta ein ekstra slått til hausten? Vi har i fylket ein god del jord som ikkje blir hausta, eventuelt berre slått med beitepussar. I år bør det absolutt haustast dyrefôr frå desse. Få slått dei raskt, det kan i alle fall nyttast til hest. Og så blir det ein slått til seinare på sommaren. Dersom det er lenge sidan sist, må ein kanskje køyre bort den første slåtten, seier Mikkelsen.

Med moderne slåtteutstyr går det fort å hauste nokre attleger (eng som tidlegare har vore åker kallas ekre eller attlege).

- Det må da etablerast kontakt mellom grunneigar og slåtteentreprenør. Initiativet kan komme frå begge sider, og begge må kunne tene penger på samarbeidet, seier Mikkelsen i pressemeldinga.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken