«Å få tå seg lort»

Kåseri med mykje informasjon frå Einar Oterholm nok ein gong.

Kåseri med mykje informasjon frå Einar Oterholm nok ein gong.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Om badstua har ein beskjeden karriere i heimbygda hans, la Einar Oterholm mykje kunnskap og god humor i foredraget om emnet på museet i Bøfjorden søndag.

DEL

Etter innleiing med det klassiske «Badstubad» av Hyldbakk tok han for seg badstua si historie alt frå førkristen tid. Og den har gått i bølgedalar, forstod publikum.

På 200-talet kunne romarkeisaren Caracalla oppvise bad på 120 mål med plass til 1600 menneske, eit enormt kulturhus med både idrettsplass og bibliotek. Men pavekyrkja tykte bruken utarta og forbaud offentleg bading – endatil i sjø og elv.

Querini og Sundt

Italienaren Querini som segla seg vekk og hamna på Røst i 1432, lovprisa derimot den frigjorte bade- og nakenkultur han fann hos trivelege nordlendingar. Da Eilert Sundt etter å ha tråla landet rundt gav ut si studie «Om Renligheds-Stellet i Norge» i 1869, agiterte han sterkt for hygieniske tiltak blant folket.

I Finland har badstua samanhengande historie.

Ja, talet på badstuer viser fleire per husstand, fortalte Oterholm.

- President Kekkonen praktiserte forresten badstu-diplomati med andre statsleiarar, sa kåsøren og anbefalte «Sauna» av Arja Saijonmaa som ei fantastisk bok om emnet.

Badstu-tanken i Halsabygda

Frå heimlege trakter dokumenterte Oterholm at Halsa Sanitetsforening tok opp tanken om felles badstu i bygda på 1930-talet. Løvik Badstu frå 1957 var eit vellykka resultat, og det var kåsøren alt i gutedagane fekk sansen for dette sunne velvere.

Badstubygg på Vågland – som ikkje kom til nytte som forventa.

Badstubygg på Vågland – som ikkje kom til nytte som forventa.

Til det planlagte badehuset i Betna skreiv Tore Gjengstø ein munter prolog, og opplesing frå denne skapte humring blant dei frammøtte på museet – som desse linene:

- I dag e det høgtid for kallan i Betna,

dem stille på badstu, alle som ein.

Når dem får tå seg lorten, eg trur at dem letna,

om tallin e tjukk, så bli dem vel rein.

- Han Krestafær ha Lano, han Hermann ha Lux,

og ‘n Otto han dro fram ei stor flask med Dux.

Han Oren ha Sunlight og ‘n Borte ha hæmkokt,

og ‘n Stivoll og ‘n Garberg ha spleisa på godlokt!

- Vi sleppe tå brokja og ranga tå skjort,

vi ska få tå oss lort ...

Mykje bruka

Badstua var mykje bruka den første tida. I den lille Løvik-kretsen var det oppimot 1100 badstubesøk første driftsåret – mesta 40 kvar opningsdag. Men etter som folk fekk bad og dusj heime, vart behovet mindre, og midt på 1970-talet vart det slutt, fortalte Oterholm.

Frå salen supplerte Ivar Moen temaet med stor entusiasme – både om badstuene han har bruka i øvre Surnadal og om dei flotte badstutilboda ein kan benytte på syden-ferie.

Så for all del - badstua er ikkje eit musealt og historisk fenomen!

Artikkeltags