Det fossa for baugen da 14 strikkedamer – og andre turistar – ble frakta frå Geitøya til Håholmen lørdag.

Arnhild Skatvedt i min-design-strikk hadde invitert til strikkeutflukt, og turen gjekk ut i havgapet.

Mary Ann Mortensen var ei av dei som hadde tatt turen. Ho er opprinneleg frå Molde, har slekt på Averøya, og har flytta heim igjen etter 20 år på Gran. Lappeteppe var hennar prosjekt denne dagen.

Det var fleire som hadde reist eit stykke for å vere på Håholmen med strikketøy. Irene Nystøyl frå Vanylven var ute på blåtur med venninna Kristin Vonheim. Spennande å ikkje vite kor ein skal. Ho hadde fått beskjed om å ha med handarbeid, turklede og eventuelt badeklede. Det siste blei det ikkje bruk for. Det regna, og strikkinga måtte flyttast inn i SilverBell kro.

Inspirert

Else Bruland, frå Ålesund, har følgt Arnhild på facebook i eit års tid, og ho er inspirert av det ho legg ut. Så ho ville gjerne treffe Arnhild og andre som strikkar.

– Etter ei strikkepause på ein del år, er eg i gang igjen, mykje takka vere Arnhild.

Merete Aandal Olsen hadde tatt turen frå hytta si på naboøya. Ho strikka på små dyrefigurar som alle beundra.

Arnhild er glad i Håholmen. Bilda i strikkeboka hennar «Knitting woman», er frå akkurat Håholmen.

– I sommar vil eg dra ut hit og sette meg ned og strikke. Det er så fint her, sa ho.

Å skape seg gode strikkedagar, det er jo hennar motto.

Delte idear

Strikking som felles interesse er eit fint utgangspunkt for å bli kjend. Praten gjekk etter kort tid.

– Kva strikkar du?

Alle måtte få sjå og det blei delt både idear, nettsider og designarnamn.

Janne Wie frå Aukra fortalte om hekling i ein spesiell teknikk; corner to corner, og dei andre let seg imponere av sengetepper i setesdal- og mariusmønster. Hekling for vidarekomne.

Men rundt borda var det prosjekt av alle slag. Sokkar, pocho, genser, figurar, sjal, teppe og klutar. Det er skapargleda som er viktig. Strikkedagen hadde skapt nye venskap og nye idear.