No skal dei gjenopplive postvegen

Riksantikvaren gir Fylkeskommunen inntil ein million kroner for å gjenopplive Den Trondhjemske postveg.

DEL

Tilskotet går til prosjektet «Ein bit av historia» som skal legge til rette for verdiskaping i ulike former langs postvegen, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på si heimeside.

– I 2019 skal vi mellom anna jobbe med kartlegge og registrere tilstanden langs den historiske ferdselsåra, og utvikle ny logo og skilting. Vi skal starte ei følgjeevaluering,  og vi skal teste korleis vi kan marknadsføre postvegen under konseptet «Budbringeren», seier prosjektleiar Elin Kanck Lorentzen.

Fylkeskommunen har satt av 6 millionar til prosjektet, som i første omgang går frå 2018 – 2020.

Gjennom åtte kommunar

Den Trondhjemske postveg går frå Bergen til Trondheim, gjennom kommunane Stranda, Ørskog, Vestnes, Molde, Gjemnes, Tingvoll og Surnadal. Frå 2020 er også Volda med, gjennom samanslåinga med Hornindal.

– Langs postvegen finst fortsatt mange eldre bruer, terrenginngrep eller murer, som er bevarte og godt ivaretatt. På delar av strekninga har frivillige lag og foreiningar lagt turstiar på og langs postvegen. Andre stadar ligg den godt gøymt under gras og torv, eller asfalt og riksveg, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i pressemeldinga.

– Postvegen har eit stort potensiale til å bli ei samanhengande historisk ferdselsåre gjennom Møre og Romsdal. Det kan vi for eksempel få til ved å kople delar av den opprinnelege strekninga med nye turløyper, eller ved hjelp av kollektivtransport.

Artikkeltags