– Loven er krystallklar. Har du funne noko som kan vere eit kulturminne, må du snarast kontakte oss!

Det er forbode å gjere inngrep i kulturminne frå før 1537, som å grave ut, tildekke, skjule, skade eller øydelegge.

Det er forbode å gjere inngrep i kulturminne frå før 1537, som å grave ut, tildekke, skjule, skade eller øydelegge. Foto:

Med høgsesong for metallsøk og fleire lovbrot dei siste åra, ønsker fylkeskommuna å minne om retningslinjene for privat metallsøking.

DEL

– Den som bruker metalldetektor har ansvar for å sette seg inn i lovar og reglar som er relevante for hobbyen sin, fylkeskonservator Bjørn Ringstad i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Det er forbode å gjere inngrep i kulturminne frå før 1537, som å grave ut, tildekke, skjule, skade eller øydelegge. Dette kan medføre straff.

Dei siste to somrane har det vore alvorlege lovbrot ved Veøya og Klosterhaugen på Herøy gard på Sunnmøre. Begge vart meld til politiet. For den som finn eit laust kulturminne skal melde frå om funnet første virkedag etter at funnet er gjort.

Les retningslinjer for metallsøk her.

Kan føre til skadar

– Arkeologiske funn tilhøyrar fellesskapet og fortel om vår felles historie. Metallsøking er ein aktivitet som kan føre til skadar på kulturminna om den vert utført uforsiktig, seier Ringstad.

I pressemeldinga legg Ringstad til at fylkeskommunen tradisjonelt sett har eit godt samarbeid med medtallsøkarane i fylket, men anbefaler metallsøkarane om å melde seg inn i ein lokal metallsøkjarforeining, knytt til Norges metallsøkjarforeining, som Møre Detektorlaug.

– Loven er krystallklar. Har du funne noko som kan vere eit kulturminne, må du snarast kontakte oss!

Godt samarbeid

– Mange er genuint opptatt av kulturminnevernet og har kunnskap om gjenstandar og forhistorie. Men det er ikkje alle som er like flinke til å respektere freda kulturminne og som driv ulovleg graving, fortel Ringstad.

Kulturminnevernet i fylkeskommunen har det siste året jobba for å styrke samarbeidet med metalldetektormiljøa. Dette har vore nyttig for begge partar, avsluttar Ringstad.

Artikkeltags