Ikkje kraftkrise i Midt-Norge

Av

AURE: Statistisk sentralbyrå meiner det er vanskeleg å sjå for seg at det skal oppstå ei kraftkrise i Midt-Norge. Ei eventuell krise vil i tilfelle vere politisk styrt.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

KUN 99 kr for ALT på nett.

Dette er to av konklusjonane i ein artikkel som forskarane Torgeir Ericson og Bente Halvorsen ved Gruppe for energi og miljøøkonomi i Statistisk sentralbyrå, presenterer i siste nummer av bladet «Økonomiske analyser».

Signal frå marknaden

Forskarane har sett på korleis marknaden i dag fordeler kraftressursane i Midt-Norge.

Konklusjonen deira er at det mest sannsynlege er et marknaden vil greie å handtere eventuelle situasjonar der det er knapt om kraft i regionen.

I år med normal nedbør vil det ved dagens produksjons- og overføringskapasitet, ikkje bli knapt med verken energi eller effekt i området.

I ekstremt tørre år vil likevel muligheitene til å halde kraftbalansen oppe i området, kreve at marknaden gir tilstrekkelige prissignal til konsumentar og produsentar, meiner forskarane.

Tiltak i forhold til ei utvikling spesielt i Møre og Romsdal med sterk foreventa vekst i elektrisitetsforbruket i tida framover, har vore diskutert i lengre tid.

Det er særleg Statoil Tjeldbergodden, Hustadmarmor, Hydro Sunndal og Ormen lange som vil vere årsak til eit høgt forbruk i Midt-Norge.

Politisk press

Statnett sitt mobile gasskraftverk som snart blir installert på Tjeldbergodden, kan få konsesjon for å produsere kraft i situasjonar der det er stor fare for rasjonering.

Men mellom andre Naturvernforbundet har hevda at politikarane vil la seg presse til å gi konsesjon dersom kraftprisen blir høg.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

I ein slik situasjon vil marknaden ikkje fungere, meiner Statistisk sentralbyrå.

Maksimumsprisar vil påverke marknaden si evne til å fordele ressursane, og føre til ei politikarstyrt energikrise, skriv forskarane Torgeir Ericson og Bente Halvorsen.

Artikkeltags