Folk som bur på Storlandet, Bergsøy, Gjemnes, Batnfjord, Bjerkely, Øre, Torvikbukt, Kvalvåg og Hoem har fått eit flygeblad i postkassa med oppmoding om å røyste nynorsk.
Frå i går var det mogleg å røyste på førehand i kommunehuset på Batnfjordsøra, og mange nytta høvet.
I flygebladet hevdar Gjemnes Mållag at nynorsk er lurt fordi alle må lære både nynorsk og bokmål før dei går ut av ungdomsskolen, og at dei som startar først med nynorsk, lærer det best. Mållaget hevdar òg at elevane som startar med nynorsk i snitt får best samla norskkarakter, og at gode nynorskbrukarar er etterspurde i skule, media og offentleg administrasjon.
Samstundes trekkjer mållaget fram tidlegare elevar for å høyre kva dei seier om nynorsk. Her finn me mellom anna psykolog Tonje Sæter, sosiolog Ingvild Dverseth Sæter, musikkpedagog Gro Kjelleberg Solli og tidlegare fylkesordførar Ole Eimund Øverland.
– Eg er glad for at eg fekk opplæring i nynorsk heilt frå første klasse. Det ligg nære dialekten min, og har blitt ein stor del av identiteten min. Eg meiner at nynorsk framleis er det naturlege valet når hovudmål skal veljast ved skulen, seier Kjelleberg Solli.
Rolv Sæter i Gjemnes Mållag trur på ei spanande avstemming 15. mars.