Fylkesordførar: – Vil ha hovudkontor for Ferje-Noreg

– Ei lokalisering av eit nasjonalt ferjekontor i Møre og Romsdal vil vere ei lokalisering midt i smørauget både geografisk og praktisk, seier Aasen.

– Ei lokalisering av eit nasjonalt ferjekontor i Møre og Romsdal vil vere ei lokalisering midt i smørauget både geografisk og praktisk, seier Aasen. Foto:

DEL

– Eit nasjonalt ferjekontor må bli lagt til Møre og Romsdal, seier fylkesordførar Jon Aasen i ei pressemelding.

Statens vegvesen og Vegdirektoratet skal gjennom eit omstillingsarbeid, og det har vore diskutert å etablere ei landsdekkande eining for ferjeforvaltninga.

– Eit samla fylkesutval i Møre og Romsdal ser det som naturleg at eit nasjonalt ferjekontor vert lagt til landets største ferjefylke, Møre og Romsdal, står det i pressemeldinga.

Møre og Romsdal er det største ferjefylket i landet med nær 7 mill. kjøretøy og over 14 mill. passasjerar i året. I Møre og Romsdal er det per i dag 20 fylkesvegferjesamband og 4 riksvegferjesamband.

– I tillegg ligg Møre og Romsdal midt i mellom fleire andre ferjefylke, med svært gode kommunikasjonar til resten av landet. Dette gir nærleik til områda der ferjeutfordringane ligg og der drifta skjer, seier fylkesordfører Jon Aasen.

Fylkesordføraren legg til at Møre og Romsdal har ei stor maritim klynge, med kompetansemijø innan maritime operasjonar, logistikk og engineering.

– Ei lokalisering av eit nasjonalt ferjekontor i Møre og Romsdal vil vere ei lokalisering midt i smørauget både geografisk og praktisk, og midt i eit knallsterkt maritimt kompetansemiljø, seier fylkesordførar Jon Aasen.

Artikkeltags