– Strikkepodcast er tingen

Strikkeglade damer: For Mari Jensen ( fra venstre), Merete Bratsberg Aae og Benedicte Broberg (innehaver av Coriander hus) er strikkepodcast tingen. Foto: Eilif Odde

Strikkeglade damer: For Mari Jensen ( fra venstre), Merete Bratsberg Aae og Benedicte Broberg (innehaver av Coriander hus) er strikkepodcast tingen. Foto: Eilif Odde

Artikkelen er over 3 år gammel

Først var det bloggar, så videobloggar og no podcast. Merete Bratsberg Aae har hengt seg på trenden.

DEL

Podcast gjer at ein kan gå djupt inn i noko, ein kan ha lange innslag og ein kan nå eit stort publikum.

Strikkeinteressa kan sjåast på som ei bølgje, men det er mange grunner til å tru at det vil bli ei varig, sterk interesse.

– Årsaka er dei nye kanalane. Vi som driv med handarbeid i dag er første generasjon som er online. Internett knyt oss saman i tallause samfunn med intens utveksling av bilder og idear, med opplæringsvideoar og tips. Det har aldri vore enklare å lære seg noko nytt, seier Merete Bratsberg Aae frå Averøy.

Handarbeidsfeber

Ny strikkebutikk på Futura, garn i mange matbutikkar, strikketreff i grendehus, bibliotek og på sundbåten. Gerilja-strikking i gågata i Kristiansund. Aktive husflidslag mange stader. Handarbeidsfeberen er i lufta.

– Sjølv har eg hengt meg på strikkepodcast-trenden. Sidan juni 2016 har eg laga 19 episoder i strikkpaalandethansgarden.blogspot.no av rein strikkeglede og utan sponsing. Eg har vore i garnbutikkane i Kristiansund, på boklansering på Kaffebrenneriet, på tur til min-design-strikk Arnhild i Bådalen og mykje meir. Med meg hadde eg ein lydopptakar og masse garn. Notatblokk og strikkepinnar, seier Aae.

Ideane til innhald og stader å dra, folk å snakke med, er mange. Ho har mellom anna avtalt å ta turen innom kjellarbutikken til Benedicte Broberg, Coriander hus for å lage ein episode med ho.

Finn saman

Sosiale media har opna for deling av alt det fine som blir laga. Ikkje berre skryt, men óg mykje hjelp. Folk finn saman i grupper på tvers av kloden.

– Dette gjer at ein har eit fellesskap som igjen fører til inspirasjon og utveksling av utallige idear. Sjekk berre bloggar, facebook, instagram youtube og Ravelry. For ikkje å snakke om alle nettbutikkane.

For kommande generasjonar vil det ikkje vere vanskeleg å finne ut kva vi strikka på tidleg 2000-tal. Det er dokumentert.

Artikkeltags