Lita auke i arbeidsløysa

Artikkelen er over 4 år gammel

Møre og Romsdal har framleis lågare arbeidsløyse enn landet som heilhet.

DEL

Heller ikkje i juni ser vi noko dramatisk auke i arbeidsløysa. Rett nok stig både faktisk arbeidsløyse og arbeidsløysa korrigert for normale sesongsvingningar noko, men auka er ennå ikkje stor.

- Framleis er arbeidsløysa i Møre og Romsdal klart lågare enn for landet som heilhet. Når det gjeld utviklinga framover så viser grafen over utviklinga av faktisk arbeidsløyse at juli månad alltid er ein månad med relativt mange ledige, og den utviklinga trur vi at vi vil sjå også i år, seier fylkesdirektør Stein Atle Veland.

Auke frå i fjor

I juni  2015 er det 3 297 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,4 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 12,2  prosent frå same månad i fjor.

I juni 2015 har vi 524 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 41 fleire enn i juni 2014. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 821 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,0 prosent for kvinner og 2,7 prosent for menn.

I landet er det 77 310 heilt ledige. Dette er 2,8 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 5,2 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Artikkeltags