Nye statlege arbeidsplassar utanfor Oslo

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Vi kan ikkje leve av statlege arbeidsplassar. Det er likevel viktig at desse blir fordelt godt rundt omkring i landet. Nesten alle fylkjer har fleire statlege arbeidsplassar i dag enn i 2013.

Ein aktiv statleg lokaliseringspolitikk bidreg både til å styrkje regionale arbeidsmarknader, og til å skape nye moglegheiter både for folk og lokalsamfunn.

Vår regjering har flytta og etablert meir enn 1230 nye statlege arbeidsplassar utanfor Oslo-regionen. Under dei raudgrøne blei det berre flytta ut 240 stillingar. Reglane er no slik at ny statleg verksemd som hovudregel skal etablerast utanfor Oslo-området.

Regjeringa vedtok i 2019 fleire tiltak for å nå desse høge ambisjonane. Blant anna skal alle større etatsgjennomgangar også ha med ein vurdering av om noko kan flyttast ut av Oslo. Me skal også bli flinkare til å unngå at fleire sektorar reduserer sin aktivitet samtidig på enkeltstader.

Tal frå SSB viser at aukinga i den statlege sysselsettinga i dei fire største byane, inkludert sjukehus­føretaka, har blitt redusert sidan 2013. Mellom 2012 og 2013 var aukinga på 4671 tilsette. Mellom 2018 og 2019 var den på 1 412 tilsette. Regjeringa vil fortsette med å dempe veksten i storbyane. Det skal skje gjennom digitalisering, forenkling og avbyråkratisering.

Mykje av veksten i statlege arbeidsplasser dei siste åra har skjedd i eksisterande institusjonar innan helse og utdanning. Dette viser at utviklinga i eksisterande statlege verksemder har vel så stor betyding som etablering av nye verksemder.

Det er viktig at vi sørger for best mogleg koordinering av kvar nye statlege arbeidsplassar skal lokaliserast. Når ein reorganiseringar i staten skal ulike vedtak om lokalisering sjåast i ein samanheng. Det bidreg til å redusere negative verknader for enkeltkommunar. Vedtak om lokalisering skal alltid takast av ansvarleg departement og løftast opp på politisk nivå. På denne måten sikrar vi at lokaliseringa av nye, offentlege kompetansearbeidsplassar skjer over heile landet, også utanfor dei største byane.

Ove Trellevik, stortingsrepresentant for Høgre

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken