Ny rektor er tilsett: – Eg er letta, audmjuk og glad for å ha fått jobben

Hilde Andersen blir ny rektor ved Surnadal vidaregåande skole.

Hilde Andersen blir ny rektor ved Surnadal vidaregåande skole.

Hilde Andersen er tilsett som rektor ved Surnadal vidaregåande skole.

DEL

Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding fredag.

– Eg er letta, audmjuk og glad for å ha fått jobben, og ser fram til å samarbeide med engasjerte og kompetente kollegaer ved Surnadal vidaregåande skole. Eg gler meg til å bli kjent med dei tilsette og ikkje minst elevane ved skolen.

Andersen (44) kjem frå stilling som skolefagleg rådgivar i Sunndal kommune og nestleiar og koordinator for Nettverk Nordmøre. Ho har tidlegare vore rektor, inspektør og lærar ved Sunndal ungdomsskole.

– For meg blir det viktig i starten å bli kjent med skolen og få oversikt over og innsyn i det gode arbeidet som eg veit blir gjort. Surnadal vidaregåande skole er ein skole der elevane trivst, og dette skal vi fortsette å løfte fram. I tillegg blir det viktig for meg å bli betre kjent med lokalmiljøet og næringslivet spesielt. Vi skal halde fram med å utvikle skolen til ein viktig samfunnsaktør og med å utdanne til rett kompetanse som regionen treng. Å arbeide med dette saman som eit lag er viktig for meg, seier Andersen.

Ho er i utgangspunktet lærarutdanna, og har mellom anna faga nordisk, geografi og IT i fagkretsen. Ho har også master i skoleleiing frå NTNU. Ho startar opp i stillinga i løpet av mars 2021.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken