Tingvoll Senterungdom vart starta i fjor vår. Sidan då har Dordi Boksasp Lerum frå Kanestraum vore leiar, men i sommar vart ho valt til leiar i Møre og Romsdal Senterungdom.
Ungdomslaget hadde torsdagskveld sitt andre årsmøte på kommunehuset i Tingvollvågen.
Hege Einset frå Aspøya vart einstemmig valt til ny leiar, skriv partiet i ei pressemelding.
- Eg gler meg til å leie arbeidet til Tingvoll Senterungdom det neste året» «Senterungdom har ei viktig rolle opp mot moderpartiet, og vi skal påverke dei saker som er viktige for ungdomar i kommunen», seier nyvalt leiar i Tingvoll Senterungdom Hege Einset.
- Det har vore stas å få leie Tingvoll Senterungdom det siste året, men no er tida inne for at andre får ta over. Eg er sikker på at Hege kjem til å gjere ein strålande jobb det neste året, seier Boksasp Lerum.
Billigare og meir fleksibel kollektivtransport, Tingvoll vidaregåande og obligatorisk gardsvitjing i skulen er nokre av temaa senterungdomslaget vil arbeide for det neste året.
Med seg i styret får Einset med seg Christian Koksvik, Sunniva Brevig Haukland, Trym Enaasen, Dordi Boksasp Lerum og Ingrid Waagen (representant frå Senterpartiet).