Gå til sidens hovedinnhold

Norske barn på skraphaugen?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Statsministeren vår er bekymra for at norske kvinner føder for få born. Men samtidig synest den norske regjeringa uinteressert i å ta hand om dei fire norske borna som stadig lever i kulde og søle i interneringsleir i Syria. Dette trass i at FN enda ein gong har bede om at dei europeiske statane må hente heim sine eigne borgarar frå leirane i Syria og nauda der. Noreg har der fire born og tre mødrer som landet vårt har ansvar for. Men landet vårt – som no attpå til har fått plass i FNs høgste styringsorgan, Tryggingsrådet – synest visst det er både rett og rimeleg at Syria og dei kurdiske styresmaktene skal ta hand om dei norske borgarane.

Det er ei skam – og det er ikkje minst hjartelaust mot dei fire norske borna som no veks opp utan helse- og omsorgstenester, med liv og helse i stor fare. Og når ikkje eit land som vårt vil ta ansvar for eigne borgarar og følgje dei opp med nødvendig straffeforfølgjing av dei vaksne og oppvekstvilkår og nødvendige helsetenester, gir det eit svært dårleg signal både om «verdas beste demokrati» og om utsiktene for verdssamfunnet framover.

Kommentarer til denne saken