– Norske bankar, skam dokker!

Frank Sve er skuffa over bankane.

Frank Sve er skuffa over bankane. Foto:

Av
DEL

MeningerBankane må jaggu skjerpe seg.

Dersom det er noko som burde vore eit folkeopprør imot, så er det norske bankar.

Når Norges Bank setter ned styringrenta med fyrst 0,5% og seinare 0,75% ned til 0,25%, blir det rett og slett greinalaust at dei norske bankane setjer ned renta med HEILE 0,25-0,5% frå slutten av april!

Skam dokker, norske bankar – dette her heng ikkje på greip!

Med renteøkninger går det knapt ein dag før dokker aukar rentenivået. Og no oppfører bankane seg i ein nasjonal ekstrem krisesituasjon som nokon som ikkje har forstått kva folket og næringslivet her i landet faktisk opplever ?

Eg er rett og slett rysta, men egentlig mest skuffa og sjokkert.

Oppmodar at alle her i landet ringer sine bankar og forlanger ei seriøs nedsetting av rentenivået i tråd med det Norges Bank har gjennomført.

Når Stortinget og regjeringa kjempar mot den største utfordringa vårt land har opplevd etter 2 verdenskrig, forventar og forlanger det norske folk at alle instansar her i landet følger opp dugnaden som no er nødvendig. At Norske bankar er sylkjapp med å auke rentene når dette er mulig og «snegletreg» med å setje ned rentene, er rett og slett ikkje akseptabelt.

Artikkeltags