Norsk spagat-politikk?

Det er ikkje lett å vere fredsvenn og krigsmotstandar, samtidig som ein har gjort forsvaret sitt avhengig av atomvåpen, meiner Eivind Hasle i Surnadal.

Det er ikkje lett å vere fredsvenn og krigsmotstandar, samtidig som ein har gjort forsvaret sitt avhengig av atomvåpen, meiner Eivind Hasle i Surnadal. Foto:

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det er ikkje lett å vere miljø- og klimaforkjempar, samtidig som ein er stor olje- og gass-produsent. Det blir stadig meir tydeleg for heile verda, og gjer norsk olje- og gass-politikk stadig meir skadeleg for landets internasjonale omdømme i klima- og miljøkampen.

Det er heller ikkje lett å vere fredsvenn og krigsmotstandar, samtidig som ein forsvarar og har gjort forsvaret sitt avhengig av atomvåpen og utvikling av meir fleksibel atomvåpenbruk.

Dette blir ekstra godt synleggjort når FN-traktaten som forbyr atomvåpen vart vedtatt i 2017 av 122 statar og no er ratifisert av minst 50 statar og er blitt gjeldande internasjonal folkerett frå 22. januar 2021. Avtalen forbyr all aktivitet knytt til atomvåpen, dvs. utvikling, testing, produksjon, overføring, lagring, bruk og trugsmål om bruk.

Noreg har frå 1. januar 2021 sikra seg plass i FNs tryggingsråd – og har dermed skaffa seg ekstra medansvar for utviklinga på kloden vår. Med norsk forsvarspolitikk stadig sterkare knytt saman med USA og NATOs atomvåpenstrategi, blir det stadig meir tydeleg at Noreg står på feil siden i kampen mot atomvåpna. Regjeringa har marknadsført at ho vil profilere seg i FN spesielt i kampen mot plast i havet og mot havforureining. Men kva hjelper det dersom meir eller mindre fleksibel atomvåpenbruk skal vere vårt viktigaste forsvar på land og sjø?

Ei norsk regjering som ønsker å styrke folkeretten om ei atomvåpenfri framtid, må snarast råd slutte seg til FNs atomvåpenforbod. 40 norske kommunar er så langt med på den globale kommuneappellen til støtte for FNs atomvåpenforbod, derav 4 i vårt fylke: Kristiansund, Sunndal, Volda og Ålesund. Vi kan og bør alle gjere ein innsats for å styrke kampen mot atomvåpna. Atomnedrusting er det fremste og mest overordna tiltaket for å fremje ei tryggare framtid for kloden vår og alt og alle som lever her.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken