No må TK balansere ut trønderdebatten!

Soleimsundbrua er eit av fleire døme på det gode samarbeidet som har vore mellom fylkeskommunen og kommunar på Nordmøre, meiner Modolf Aukan.

Soleimsundbrua er eit av fleire døme på det gode samarbeidet som har vore mellom fylkeskommunen og kommunar på Nordmøre, meiner Modolf Aukan.

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I ein artikkel 6.1.20 i TK,om at Aure kommune søker observatørstatus i trøndersk regionråd, er det ein del «historiske fakta» som i beste fall er ufullstendig. Det vert referert til tidlegare ordførar Knut Baardset i høve «det umulige samarbeidet med Møre og Romsdal fylke.

Lat oss ta nokre døme på dette samarbeidet, som etter mitt skjøn har vore godt sett med mine auger (fem perioder i fylkestinget). Vegutbygginga på Nordre Nordmøre: Det var under leiing av fylkesordførar Kjell Furnes at ein greidde å prioritere inn i tur og orden dei ymse store prosjekta, slik som Soleimsundbrua, veg over Stabblandet, fergeleie Aukan, Veidholmernvegen/bruene, ny veg over Tustna, Edøyprosjektet, Aurundprosjektet, Seivikainnkortinga, Imarsundprosjektet. Ny veg over Ertvågøya var også inne, men vart skuva på for å få Aursundprosjektet på plass. Oppstarten på denne vegen kom som forhandlingsvinst ved Statsbudsjettet for 1997 hausten 1996. Avtale mellom Ap, Sv og Krf. Baardset sitt parti Høgre stemte mot dette i Stortinget, som naturleg var i og med at dei ikkje var ein del av budsjettforliket med regjeringa Jagland.

Vil inn i trøndersk regionråd: – Vi har ikke mye vi kan takke Møre og Romsdal for

Det som stod igjen av «Furnesutvalget» si tilråding var på dette tidspunktet bru over Nordheimsundet , veg over Solskælsøya og fergeleie i Hamna på same øya. Dette vart som kjendt endra i Fylkestinget til veg og fergetillegg på Hyttneset.

Dette er kortversjonen av denne fantastiske satsinga på Nordmøre frå Møre og Romsdal si side saman med lokale styresmakter og eit velvillig storting stort sett.

Nært samarbeid

Når det gjeld hurtigbåten, var dette eit samarbeid mellom MRF (Møre og Romsdals Fylkesbåtar) og Fosen Trafikklag. Som styremedlem på den tida vil eg vel hevde at her var MRF den mest aktive for å få framskynda rutestart til anleggsstart på Tjeldbergodden, med begrunning i å få styre ein del av trafikken til Kvernberget flyplass. Oppstarten av hurtigbåtruta var i juni 1994.

Tustna kommune var i mange år utpeika av fylket vårt som mulig plasseringsstad for industri, på Hyttnesområdet.

Det var petrokjemisk industri ein såg for seg. Til og med folkeavstemning hadde vi i Tustna om dette. Rundt 60 % for industri vart resultatet. For å få det praktiske planarbeidet på plass, stilte fylkeskommunen med plansjef Per Ekroll i ca. ½ stilling (er litt usikker på prosentsatsen), men i alle fall det politiske miljøet på Tustna med ordfører Øvrevik i spissen, hadde eit nært og godt samarbeid med fylket, saman med dei lokale fylkestingsrepresentantane. No vart det jo slik at det kun vart petrokjemisk industri i Bamle i Telemark på den tida, så Hyttnesområdet vart ikkje aktuellt.

At enkelte i kommunen vår no nedsnakkar vårt eige fylke er jo berre trist, eit kreativt og aktivt fylke som er utvida i sør. Håper regionavisa kunne komme opp med litt meir positiv dekning av eigen region. Vil i det høve minne om at Nordmøre er det fogderiet i Møre og Romsdal som har størst verdiskapning pr. innbyggar av våre tre regionar. Og det er i det fylke som har størst verdiskaping av alle fylker i Norge. Dette går fram av SSB statistikk. (Statistisk Sentralbyrå).

Gi nordmøringen sjølvtillit

Når fekk nordmøringen dokumentert dette gjennom TK ?

Dette som eit hjertesukk på at Baardset enda ein gong nedsnakkar vår region og fylke. Sist dette skjedde var ved opninga av ei bedrift i Aure sentrum , der det vart sagt at det var investert ca. 30 mill. Og at, iflg. Baardset, var det største som hadde skjedd i Aure sidan Tjeldbergodden, iflg avisa. På akkurat same tida var arbeidet med eit byggetrinn til 1,5 milliardar i ferd med å bli avslutta i Haltvika på Nordheim, Marin Harvest, no Mowi. Folk flirer åt slike artiklar her, men det er ikkje bra reportasje, og avisa som for mange er einaste infokilde til lokal kunnskap, blir urelevant.

Så mitt oppriktige ynskje er at avisa no balanserer ut trønderdebatten, og gir nordmøringen litt sjøltillit tilbake for det er det verkeleg grunnlag for !

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken