Dei siste månadene har det skjedd noko med torsken på Nordvestlandet. Ulike dotterselskap av Gadus Group har søkt om truleg eit tital konsesjonar om torskeoppdrett. Kva er dette?

Naturvernforbundet i Ørsta og Volda arbeidde med ein slik søknad ved Alida sist haust, og saka enda opp, førebels, med konsesjon frå fylkeskommunen og klage frå Naturvernforbundet før jul.

Søkjar talar i desse sakene om «ikke vil medføre uakseptabel risiko» mellom anna for den ville torsken. Fylkeskommunen i sitt konsesjonsvedtak talar om at «risikoen er akseptabel».

Ikkje mykje føre var

Fylkeskommunen og søkjar er ivrige på å drette opp torsk, og er tydelegvis viljuge til å ta risiko. Er det greitt? Er det fylkeskommunen sin iver etter å drive næring på absolutt alt mogleg som skal vere det førande for kva risiko som er greitt for naturen? Når fleire fagmiljø som Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet verkar å vere ganske skeptiske til dette, kan ein ikkje sjå bort i frå dette. Er det rett å drive utprøving på dette i form av massevis at konsesjonar på ein gong? Samtidig ser det ut til at andre skal drive storskalaforsøk på vindkraftturbinar til havs, med dei ukjende verknadene desse kanskje kan ha på fisk. Stakkars torsk, her er det ikkje mykje føre var.

Laksen på raudlista

Når ein ser korleis det gjekk med lakseoppdrettet, så er det merkeleg at ein ikkje har lært meir. Der har vi no ei rad laksestammar som ikkje er kva dei var, og laksen er komen på raudlista. Torsken har ikkje noko betre utgangspunkt. Tar vi knekken på kysttorsken dei neste tiåra, berre for at Gadus skal få produsere premium torsk?

Ved gjennomgang av fleire av desse sakene ser vi fleire tema som treng både meir forsking og truleg andre løysingar.

Gadus group hevder at dei har eit betre fôr enn dei andre, beståande av meir marint opphav og mindre soya. Ved ei stor oppskalering av tamtorskverksemda, står ein i fare for å gjere meir skade på artar i havet. Ein kan jo spørje seg kva fiskeslag det no kan bli rovfiske på i sjøen.

Genetisk blanding?

Kva skjer viss torsk det er avla på gyter slik at dei får avkom saman med vill torsk? Blir det same greia som med genetisk blanding mellom vill og tam laks? Gadus group påstår at det aldri er påvist blanding mellom tam og vill torsk. Dei underbygger dette med at premium torsk i merda er fysisk dårlegare i stand til å ville gyte, og dei gjer det til feil tid og med for dårleg kvalitet på rogna. Dei formulerer seg i søknaden slik at det er umogleg å sjå om ingen har undersøkt dette, eller om det er store undersøkingar som går breitt inn på dette. Enkelte fagmiljø meiner nok noko anna enn Gadus.

Blir dominerande

Omfanget på søknadene er interessante i seg sjølv. Får Gadus group dei konsesjonane dei har søkt på, så vil dei vere dominerande på Nordvestlandet.

Gadus seier dei har internkontrollsystem av beste slag, slik at ikkje noko kan gå gale. Førebels har Gadus kome i skade for å sende ut eit dokument på høyring, der halve innhaldet var sladda. Det var visst ikkje meininga, men det har like fullt skjedd. Truleg glapp det i internkontrollen. Viss det er rett at det ikkje skjedde berre i Tingvoll, men i Heim kommune også, så har det vore glepptak i internkontrollen to gongar allereie, i same sak. Minst.

Naturvernforbundet har slutta å stole på lakseoppdrettarane. No går det ikkje betre med torskeoppdrettarane.