Gå til sidens hovedinnhold

No er det vanlige folk sin tur

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

No er det vanlige folk sin tur.

Ja, dette var Arbeiderpartiet sitt slagord i valkampen. Vanlige folk, kven er det? Etter mitt syn er det oss alle. Ingen av oss er meir eller mindre verdt enn andre. Eit kvart menneske har ei iboende verdighet som skal ivaretakast uansett om ein er såkalt ressurssterk eller ressurssvak.

Alle har vi eit ansvar til å leve slik at vi kan gå god for alt vi gjer, og stå for det, om det blir stilt spørsmålsteikn ved måten vi utfører våre oppgåver på, enten vi arbeider i det offentleg, det private, eller om vi innehar verv. Har ein eit politisk verv, så er ein i tillegg valgt i tillit, og burde vere ekstra oppteken av å halde sin «sti rein». Grunnen til filosoferinga mi er heilt konkret dei sakene som har vore avslørt med misbruk av pendlerbustad for stortingsrepresentantar.

Alle som blir innvald på Stortinget representerer i utgangspunktet heimfylket sitt. Vel dei då å bli buande heime, og vekependle, er det sjølvsagt at dei skal ha tilgang på ein bustad i hovedstaden. Lett tilgjengelig til arbeidsplassen. Då må dei reise heim i helgar, og eg ser det som sjølvsagt at også slike reiser blir dekt etter reiserekning og at reiserekningane blir kontrollert (I alle fall med stikkprøver). Men så har vi tydelig ein ukultur blant enkelte av våre folkevalde, at dei ser på dette som ein rett uavhengig av om dei vel å flytte seg sjølv og familien til meir sentrale strøk. Dei vil ha rett til pendlarbustad uansett. Frå å vere eit tilbod til dei som treng det for å skjøtte sitt verv, blir dei ei rettighet som «dei fleste» vil ha, og som ein må finne «smutthull» til for å få det til å passe inn i regelverket. Når partikollegaer lar seg bruke til å leige ut «fiktive» hyblar, så ser vi at dette er ein ukultur som har fått bre om seg.

Tilrettelagt arbeid

Så har vi andre vanlege folk: Enkelte kjem seg aldri inn på det ordinære arbeidsmarknaden, og får arbeid gjennom såkalt varig tilrettelagt arbeid (VTA). Dei som får slikt arbeid får ei «oppmuntringsløn» på ca 25 kroner timen, som kjem i tillegg til uføretrygda. Dette er skattbar inntekt, og dei må sjølv sørge for å kome seg til og frå arbeid.

Eg har lyst til å nemne eit slikt tilfelle som eg kjenner godt til. Ei dame som var uheldig med oppveksten sin, har fått eit slikt arbeid gjennom kommunen ho bur i. I utgangspunktet er ho nok for godt fungerande til VTA, men det er det arbeidet det offentlege har greidd å skaffe henne. Ho fungerte godt i jobben, og for ei tid tilbake fekk ho spørsmål frå arbeidsleiar om ho kunne vere mentor, og lære opp ei ny som skulle begynne der. Den nye var ei jente med psykisk funksjonshemming. Som kanskje mange av oss andre vanlige folk ville ha gjort, så spurde ho kva ho ville få i kompensasjon for rettleiingsjobben. Men det var ingen kompesasjon for ekstraarbeidet, og då svarte dama, som sikkert mange andre ville ha svart, «då veit eg ikkje om eg gidd». Dette utsagnet resulterte faktisk i at ho fekk trekk i løna den dagen på grunn av at arbeidsleiaren meinte at ho var «oppstanasig», eller kanskje vi skal kalle det frekk.

Uverdig løn

I utganspunktet meiner eg at å arbeide for 25 kroner timen er uverdig i seg sjølv. Det er greitt at ein har uføretrygd, og ikkje kan gjere eit fullt dagsverk. Men skal det vere oppmuntrande i det heile, må det vere ei løn som ikkje er skammeleg. Mange av dei som er på slike ordningar kan ikkje arbeide fulle dagar. Så om du t.d. arbeider 3 timar for 25 kroner timen, så får du brutto utbetalt 75 kroner. Dette skal det trekkast skatt av, og ein må ha busskort for å kome seg på arbeid. Det er ikkje store summen som blir igjen.

Eg hadde lenge gått og undra meg over om det var noko eg kunne gjere for å hjelpe denne dama for å få bedre arbeidsvilkår, utan å finne løysing. Når det skjedde at ho vart trekt i løn for å vere frekk så tok eg med den friheit (sjølvsagt etter avtale med vedkomande) at eg skreiv til eit par sentrale politikarar i frå fylket vårt. Dette for å løfte fram problemstillinga, så var det opp til dei kva dei ville gjere med det. Men min tanke er, at av og til må dei som er med i «styre og stell» få innspel frå oss «vanlige folk»

På feil tiltak

Den eine politikaren sendte saka til partiet sin talsmann i arbeids- og velferdskomiteen, og han ringde meg. Ære være han for det! Vi hadde ein god samtale, og eg fortalde om saka. Han meinte nok at dama var på feil tiltak, noko som kanskje er riktig. Men uansett om denne personen er på feil tiltak, så er det mange andre som er på rett tiltak, og som har berre ca 25 kroner pr time for jobben dei gjer. Og som kommunen måtte brukt andre til å utføre om desse ikkje var på VTA. Altså, måtte dei hatt arbeidet ut på anbud, og betalt ordinære prisar for å få det utført.

Eit argument for at det var så lav sats, var ifølgje denne stortingsrepresentanten at det er så mange som treng VTA, og det blir bevilga ein viss sum kvart år, og då blir det ikkje meir til kvar. Mitt spørmål blir no. T.d. stortingsleiligheter, kan ein berre bevilge så mange ein treng? Eller kan ein ha noko å gå på i tilfelle det er nokon som syns dei treng?

Skal ikkje ha i pose og sekk

Eg veit at dette er to forskjellige saker, og mange sei sikkert at ein kan ikkje samanlikne. Som eg innleia med så skal folk få dekt sine ekstra utgifter, men dei skal ikkje ha i pose og sekk, og alle skal ha løn som er akseptabel for den jobben ein gjer. Og ingen skal straffast utan etterforskning. No er det kome fram at saka om pendlarleilighetene blir etterforska, og bra er det. Men dama eg kjenner vart trekt i løn fordi ho var frekk. Er det heimel for trekk i løn?

Av og til blir ein så skuffa at ein berre må lette på trykket.

Kommentarer til denne saken