Gå til sidens hovedinnhold

NM i auka ferjeprisar

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I NM i auka ferjeprisar, tok AP og SP sigeren, i hard kamp med SV, KrF, V og MdG.

Når nokon går ut og lovar gratis ferjer slik SP gjorde, halvering av ferjeprisane slik Kjølmoen og AP seier, for så å gjere stikk motsatt, burde egentlig dei fått «sigeren» i forsøk på å forlede innbyggjarane her i fylket.

AP og SP kan når som helst setje ned ferjeprisane her i fylket. I fylkesutvalgsmøtet den 25/1, vart det hard kamp for å forsøke å hindre oss i Fr med å fremje og kunne stemme over kutt i ferjetakstane med 2 takstsoner.

Dei forsøkte å bruke fylkeskommunedirektøren, juridisk sjef, i eit forsøk på å hindre meg og Frp å kunne fremje eit framlegg i eit lovlig sett møte, i ein demokratisk prosess.

Les også

Frps desperate fergestrategi

Heldigvis klarte dei ikkje dette, og måtte stemme over framlegget, og då fekk AP, SP og resten av raudingane vise kva dei egentlig står for i ferjetakstsaka.

Men, framlegget om kutt i ferjetakstane kjem igjen frå oss i Frp i neste fylkesutvalgsmøte i februar og mars og i fylkestinget i april.

Ferjetakstane SKAL ned! Så får AP og SP fortsette sitt NM i auka ferjetakstar, og auke skattar og avgifter til himmels slik desse partia ynskjer også på Stortinget.

Kommentarer til denne saken