Kor mykje pengar skal sviast av på Helseplattformen før ein innser at dette er eit prestisjeprosjekt som for lengst burde ha vore parkert?

Går inn for ny utsettelse av Helseplattformen - vil koste en halv milliard kroner – NRK Trøndelag

Nyleg gjekk Ap, Sp og H inn for å leggja ned eit unikt rehabtilbod i M&R, Mork. Dette grunna at det ville koste heile 70 millioner å pusse opp, eit mykje for høgt tal iflg tidlegare vaktmeistar og noverande ordførar (Sp) i Ørsta kommune.
HP har svidd av fleire milliardar (i alle fall som vi veit om). Altså det same som i nabolanda våre Danmark og Finland. Helsepersonell (td legar) har sagt opp, seier opp og kjem til å seie opp pga problema med HP. Legar som skal i sentralteneste veljer bort St. Olavs og søkjer seg til dei andre tre helseregionane. Pleiarar, som er mangelvare, som nærmar seg pensjonsalderen eller er pensjonerte men framleis tek vakter seier at dei sluttar hvis HP vert innført på deira arbeidsplass.
Kvifor let helseministeren og stortingspolitikarane Helse-Midt dura vidare med dette håplaust utdaterte IT-prosjektet som aldri vil fungere og aldri vil få full tilslutnad i sjukehus og kommuner? Kvifor skal Helse-Midt køyra anna løp enn dei andre føretaka som nyttar norske DIPS Arena?

Er det stortingspolitikarane, helseministeren, embetsverket eller helseføretaksleiingane som styrer norsk helsevesen?
Kvifor let ein milliardsluket HP berre fortsetja og fortsetja medan unike og viktige behandlingstilbod rundt om i helseNoreg vert lagde ned?