Gå til sidens hovedinnhold

Nei til kutt i kollektivtilbodet

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ap, Sp og leiinga i fylkeskommunen legg opp til kutt i kollektivtilbodet, dette er vi i FpU sterkt i mot! Vi meiner at det vil gå hardt ut over ungdom i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen har store visjonar om å gjere fylket til eit nullutsleppsfylke innan 2030, då blir det heilt feil å kutte i kollektivtilbodet. No må Ap og Sp halde det dei lovar, og slutte å halde ungdommane for narr med sine mange lovnader!

Fylkeskommunen har akkurat kome med forslag til budsjett for 2021. Det inneheld ein rekkje kutt som går utover fylkets mange barn og unge. Mange unge er heilt avhengig av kollektivt for å få kvardagen til å gå opp. Då synes vi det heilt feil av politikarane å kutte det einaste tilbodet barn og unge har til å kome seg rundt.

FpU synes det er bra at aldersgrensa for barnebilett blir foreslått utvida til ein fyller 18 år. Dette er noko vi har kjempa for i mange år, og er noko som kjem mange barn og unge i fylket tilgode!

FpU meiner at ein heller burde styrke kollektivtilbodet framfor å kutte det. Barn og unge skal ikkje måtte ta konsekvensane av dårleg økonomisk prioritering, og styring av politikarane i fylket.

Kommentarer til denne saken