NEAS og digitale målarar

Om alle som enno har analog strammålar opplever liknande ignorering av målarstanden dei kvar månad sender inn til NEAS, har NEAS ein lang veg å gå før dei fortener tillit., skriv Jon Samuel Håbrekke.

Om alle som enno har analog strammålar opplever liknande ignorering av målarstanden dei kvar månad sender inn til NEAS, har NEAS ein lang veg å gå før dei fortener tillit., skriv Jon Samuel Håbrekke. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Artikkelen i TK 1. september om kravet til digitale målarar treng nokre merknader.

Først ei avklaring. Vi fekk januar 2019 digital målar i to hus, men utan aktiv sendar. No er bodskapen at abonnentar med gamle analoge straummålarar blir trua med stenging av straumen. Eg veit at desse straumkundane, som oss andre utan sendar, betalte straffegebyr på 1975 kr i januar gjeldande for heile 2020. Kan NEAS kutte straumen til abonnentar som har betalt gebyr for å ha straummålar utan sendefunksjon?

Kundar med manuell avlesing og innsending av målarstand kvar mnd. betaler nettleige for å finansiere skroting av analoge straummålarar + tilleggsgebyr. Å hevde at kundar med sendar betaler for alle med analog straummålar er difor rett og slett grov løgn. Faktisk betaler absolutt alle straumkundane for alt det NEAS måtte hevde dei har eigedomsretten til.

Med digital straummålar utan sendefunksjon er vi, på same måten som dei med analog straummålar, pliktig til å sende inn målarstand den 1. i kvar månad. Frå NEAS fekk eg i 2019 tilsendt link for nettbasert månadleg innsending av målarstand. Ved innsending kjem det slik melding attende: «Avlesing: xxxxx registrert. Avlesingen vil bli behandlet av ditt lokale nettselskap.» Men kva skjer? Det kjem faktura der forbruket konsekvent er stipulert. Og då som oftast med eit forbruk i hytt og vêr. Årsaka skal vera ei programvare som brukar fleire dagar for å kommunisere med NEAS sitt fakturaprogram.

Fangar ikkje opp

Hovudregelen i dei kalde månadane er faktura på langt meir enn forbruket. Klage og leiting etter innsendt målarstand. Deretter orsaking og ny faktura. Men for juli kom faktura på langt lågare forbruk enn det som var innsendt. Det var ein månad då alle skulle på innanlands ferie. Då kom mine og dine barn, og deira barn. Vaskemaskiner og dusj i hyppig funksjon. Lading av Tesla. Ingen kan vente at eit uintelligent datasystem fangar opp slike avvik frå det gjennomsnittlege forbruket. Tilleggsfaktura etter klage er betalt.

Stenger strømmen til dem som ikke har ny måler

Nektet automatisk måleravlesning – nå har strømregningen blitt 30.000 kroner dyrere

Nekter fortsatt å ha måleren – Hanne har vært strømløs i ett år

Dette førte så til besøk av ein utskremt medarbeidar frå NEAS. Det skulle vera etter krav frå NVE. Han tok bilde av straummålaren med mobilkamera. Då vi hadde analoge strammålarar, vart vi rekna for å vera lovlydige og ærlege straumkundar. No har; om det er sant, NVE definert oss til å vera kriminelle til det motsette er bevist. Klagen på julifakturaen for å få tilleggsfaktura var reell. Ein eventuell mistanke om å vilja betale sommartariff for å unngå framtidig høgare tariff viste seg å vera falsk.

Om alle som enno har analog strammålar opplever liknande ignorering av målarstanden dei kvar månad sender inn til NEAS, har NEAS ein lang veg å gå før dei fortener tillit.

Også for august var forbruket stipulert. Men no var avviket på skarve 0,256 kWh, liksom for å markere at innsendt målarstand utan tusendelar er ubrukeleg.

Skadeleg effekt

Så til forsikring frå Statens strålevern om at trådlaus elektromotorisk stråling (EMF) er ufarleg. Stråling frå straummålarar med sendar blandar seg inn i ein cocktail av stråling. Den skadelege effekten er størst om natta når folk skal sove, og i barnehagen der små barn skal sove også på dagtid. Strålinga påverkar hjernen og søvnkvaliteten. God søvnkvalitet er ein av fleire viktige faktorar for å førebygge Alzheimer i alderdomen.

Eg er også ute av stand til å finne åtvaring frå Statens strålevern når det gjeld helseskade frå mikrobølgjeomnar og induksjons platetoppar. Dermed gjekk vi på limpinnen og kjøpte induksjons platetopp for 9 år sidan. Etter kvart merka vi at det sterke magnetfeltet gav negativ kroppsleg effekt. Det vart ein kjapp tur til IKEA i Trondheim for å kjøpe ny keramisk platetopp. No er induksjonstoppen klar for same skrothaugen som millionar av solide FM-radioar og analoge straummålarar. Og politikarane preikar framleis frimodig om bærekraft og grønt skifte.

Lite truverdig

Historia er full av reklame frå industrigigantane med mantra: «Trygt og effektivt».

Slike forsikringar frå industrigigantane er ofte lite truverdige. Den tida DDT var populært, vart det annonsert om kor bra DDT var for barn. Faktum er at DDT utløyste ein pandemi av poliomyelitt der mengder av barn vart paralyserte. Etter at DDT vart forbode, forsvann poliomyelitt så og seie fullstendig.

Når NVE hevdar at dei skal berge jorda med digitale straummålarar og gigantiske vindmøller i raserte naturområde, er all tillit borte. Kanskje det er på tide med 2-3 av dei gigantiske vindmøllene i Holmenkollåsen som eit prøveprosjekt? Der er jo naturen nedbygd frå før. Det kan vel difor gjennomførast utan å kome i konflikt med Erna Solberg sitt speidarløfte om å ta vare på naturen?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken