Gå til sidens hovedinnhold

Nasjonale prioriteringar for Møre og Romsdal

Artikkelen er over 1 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Samfunnet må gå vidare sjølv om nasjonen Noreg står overfor ei av dei største utfordringane for næringslivet, folkehelsa og økonomien nokon gong. Det er eit samansett utfordringsbilete, og det finns ikkje ei enkelt løysing som kan ordne alt som no ikkje er som det skal.

Fylkestingsgruppa i Senterpartiet i Møre og Romsdal har sendt inn forslag til Senterpartiet på Stortinget om tiltak som me meiner er viktig for å få Møre og Romsdal vidare i denne situasjonen me er i.

1. Auke midlar til kommune og fylkeskommune slik at ein kan må målretta ut til vedlikehald av bygg, infrastruktur og næringsverksemd. Dei som er nærast folk er dei som veit best kvar skoen trykker.
2. Sikre for breibandutbygging i heile Møre og Romsdal. Det digitale skal ikkje vere eit hinder no som folk må arbeide frå heimen og ha heimeskule.
3. Halde fram med satsinga på miljøferjer og -hurtigbåtar for å sikre at verfta framleis har oppdrag.
4. Sikre lik finansiering på fylkesvegferjene og riksferjene. Det skal ikkje vere skilnad på kvar ein bur i landet og om kollektivtilbodet er båt, ferje, bane eller trikk!
5. Sikre 1 milliard til vedlikehaldsprogram for fylkesvegar og sikre midlar til rassikring og bruvedlikehald. Framskynde riksvegprosjekt og rassikringsprosjekt som til dømes Trollstigen, Lønset-Hjelset, Bypakke Ålesund og Volda-Furene.
6. Gjere det mogleg for næringar å produsere for lager, og ikkje berre etter etterspurnad for å halde på sysselsettinga og sikre tilgjengelege varer i beredskap.
7. Fremje forslag om unntak frå punkt b) i avløysartilskotet i landbruket på grunn av koronasitasjonen. Det er vanskeleg å få tak i avløysarar, og ved å gjere eit unntak kan ein opne for at avløysartilskotet kan gå til ektefelle/sambuar.
8. Permitteringsreglane med rett til dagpengar må også gjelde arbeidstakarar som driv gardsbruk. Det er ofte unge gardbrukarar som har teke over og har stor gjeld og må ha full stilling utanom bruket for å forsvare gardsdrifta. Desse vil bli hardt ramma om dei ikkje blir omfatta av same permitteringsreglar som andre.
9. Fjerne eigedomsskatt på næringsverksemd, kutte i meirverdiavgifta og arbeidsgjevaravgifta som eit tiltak for å halde fleire i jobb for denne krisetida. Kommunane må kompenserast for tapte inntekter av eigedomsskatt slik at dette ikkje går ut over velferdstenestene.
10. Fremje forslag om å auke tippemidlane for inneverande år, slik ein kan ta igjen etterslepet på anlegg i kulturlivet, i idretten og i frivilligheita.
11. Gje offentlege kulturinstitusjonar med eigeninnteningskrav nasjonale tiltakspakkar. Musea til dømes har store bortfall av inntekter på grunn av den manglande turistsesongen.
12. Lage støtteordningar til store og små kultur- og samfunnsinstitusjonar som stimulerer til digital omstilling.
13. Lage tiltakspakke til kreative og kulturelle næringar.
14. Satse meir på infrastruktur i ny nasjonal transportplan som også omhandlar det regionale infrastrukturnettet. Fylkeskommunane eig over 40% av vegane, medan staten eig om lag 11%.
15. Framskunde fylkeskommunale og kommunale bygge- og vedlikehaldsprosjekt og vegprosjekt for å halde oppe sysselsettinga i ei tid der det er få menneske i bygga og på vegane.

Heilt konkret vil vi i fyrste omgang foreslå
a. 1 mrd til vedlikehald av fylkesvegar
b. 1 mrd til vedlikehald av fylkeskommunale bygg (skule, tannhelse, kulturbygg)
c. tilsvarande satsing på vedlikehald på kommunale bygg

På vegner av fylkestingsgruppa i Møre og Romsdal Senterparti: Marit Nerås Krogsæter, gruppeleiar

Kommentarer til denne saken