Bonustildelingane til toppane i det konkurstruga flyselskapet Norwegian har naturleg nok hausta storm både i Stortinget og i avisspaltene. Det ein spør seg om er korleis kan slikt skje? Korleis kan selskapet trygle om offentlega midlar for å unngå konkurs og i neste omgang dele ut bonusar på 20 millionar kroner til ei lita leiargruppe i eit selskap som er meir enn konkurs etter rekneskapen.

Tilbakebetaling

Jussprofessor Mads Andenes meiner at staten må krevje ei nullstilling av bonusane, som betyr ei tilbakebetaling til Norwegian. Dette er eit døme på korleis private aktørar set til side statens vilkår og undergrev staten som støttespelar for næringslivet.

Norwegian-bonusane undergrev og svekker tilliten norske veljarar har til våre næringslivsleiarar. Denne saka er eit godt døme på næringslivsleiarar som er meir opptekne av å mjøle si eiga kake framfor å trygge den arbeidsplassen dei skal ha sine framtidige løner frå.

Når leiargruppa tek ut 20 millionar frå selkapet, betyr det at dei samstundes svekker eigenkapitalen i selskapet tilsvarande. Sjølv om dei juridisk har dekning for «å lure til seg» desse bonusane, er det skammeleg, og dersom dei har godt gamaldags skamvett, betaler dei tilbake det dei har tilegna seg på denne skammelege måten.

Næringsministeren har prøvd å vri seg unna ubehagelege spørsmål i saka, har ikkje meir å legge til, men må nok bu seg på at relevante og betimelege spørsmål vil dukke opp i valgkampen .

Mi meining er at desse bonusmillionane er så nært eit økonomisk tjuveri, som det berre går an å kome, utan at ein kan råkast av lova og dømast for det. Jussprofessoren har eit edrueleg syn og standpunkt, som bonusdirektørane bør fylje. Om dei ikkje gjer det, vert det til slutt alle skattebetalarane, som må betale bonusgildet. Det betyr i praksis du og eg!