Gå til sidens hovedinnhold

Når løysinga skaper større problem

Artikkelen er over 2 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er EI løysing på den økonomiske krisa i Helseforetaket i Møre og Romsdal.

TILFØRING av meir midlar.

Løysinga er IKKJE innsparing i viktige tenester til folket!

I fleire samanhengar møter eg folk som har helseforetaket som sin arbeidsplass.

Særmerket er at dei er svært glade i jobben sin. Dei har stor pasientomsorg.

I mange år har dei stått i konstante omstillingsprosessar. Dei har måtte jobba under krevjande forhold, og levd med særs usikker framtid.

Men kor lenge folk held ut? Tilsette som er grunnmuren i tenestene. Pasientane sin tillitt til foretaket?

No skal det kuttast 200 stillingar på kort tid.

Det er foreløpig kjent at det kanskje skal gå ut over barselomsorgen, rehabiliteringstilbodet eller tilbodet til reumatikarar.

Mitt poeng er at der det vert foreslått og spare, i neste omgong vil eksplodere i større kostnader. Større problem. Større sjukefråver. Mindre tillitt.

Vi veit kva det kostar samfunnet når folk ikkje får rehabilitering etter alvorleg sjukdom, skade eller operasjon. Vi som har eigen erfaring, treng ingen forskar å fortelle oss at rehabilitering er investering.

Vi veit kva det vil koste av sjukepengar, angst og bekymring. Vi veit at det vil ta lengre tid før kvar einskild er attende i jobb. Har alle har ein partnar eller andre heime som kan ta hand om oss?

No er det min jobb i mi politiske rolle og reagere på vegne av alle innbyggjarane i Møre og Romsdal.

Eg og mitt parti kan ikkje akseptere desse budsjettnedskjeringane, og krev at regjeringa betrar sjukehus økonomien, slik at folk får dei helse tilboda dei treng.

Om ikkje, må vi innsjå at Foretaksmodellen ikkje virkar – og organisere annleis.

Kommentarer til denne saken