Gå til sidens hovedinnhold

Nær folk?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Korleis kan Sp skrive «Nær folk» på si t-skjorte når dei støttar Møreaksen som folket her i fylket slett ikkje vil ha? Nær folk betyr å faktisk bry seg om kva folket og veljarane meiner i viktige saker her i fylket.

Når meir enn 75prosent av innbyggjarane ikkje ynskjer Møreaksen, blir det slett ikkje å vere «Nær folk» å faktisk gje blaffen i folket sine meiningar. Det er faktisk stikk motsatt når Sp og Klinge hevar seg over folket si vilje, og er med på å presse igjennom Møreaksen,- då er Sp og Klinge milevis vekk frå folket!

Såleis burde Sp raskest råd endre logoen på si valgkampskjorte der det egentlig burde stå «Sp veit best, kva folket meiner, bryr vi oss ikkje om».

Vi i Frp lyttar til folket og har faktisk tenkt å bry oss om kva folket her i fylket meiner. Møreaksen skal stoppast og vil dersom du seier klart ifrå den 13. september, aldri bli bygd. Frp ynskjer Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer for kryssing av Romsdalsfjorden, og vi kan ikkje akseptere milevis med tunellar, snart 400 m under fjorden, gjennom Molde i ein gedigen omveg ut på øyane for E-39 gjennom fylket.

Stopp Møreaksen! Stem Frp!

Kommentarer til denne saken