I eit avisinnlegg blir Stangvik omtala som «den fremste NS-bygda i Møre og Romsdal». Eg har ofte spurt folk om kor mange stemmer Nasjonal Samling fekk på det meste ved val i Stangvik kommune. Da tippar dei gjerne både 40 og 50 prosent. Fasiten seier 5,9 prosent, ved stortingsvalet i 1936.

Det er viktig å huske proporsjonane i dette. Samanlikna med andre kommunar fekk NS stor oppslutning i Stangvik, men formuleringar som «den fremste NS-bygda» gir inntrykk av at Quislings fascistiske parti hadde ein dominerande posisjon. I realiteten utgjorde NS-medlemmene eit lite mindretal i bygda, med tyngdepunkt i nokre få familiar.

Lett å forveksle

Det er lett å forveksle bygda Stangvik med kommunen Stangvik. I 1936 fekk NS 62 av 1052 stemmer i Stangvik kommune. Mange av stemmene kom frå andre bygder, først og fremst Ålvundfjorden. Historikaren Jostein Sande skriv inngåande om dette i boka «Tidsskifte. Bygdahistoria frå 1920 til 1980» (om Sunndal kommune). Her siterer han Odin Hals, som studerte historia til NS i gamle Stangvik kommune:

«Når vi så veit at førstemann på NS-lista i Møre og Romsdal var ein ung, aktiv gardbrukarson frå Ålvundfjorda, forklarar det litt av bakgrunnen for dei 62 NS-røystene i kommunen.»

Lovleg parti

I 1936 var Nasjonal Samling eit lovleg parti. Under krigen vart det «statsbærende parti» i eit nazistisk diktatur der alle andre parti var forbodne. I NS-arkiva frå krigen fann Odin Hals 68 medlemmer av NS i Stangvik kommune. Av desse var rundt 30 ålvundfjordingar, omtrent like mange kom frå Stangvik, mens nokre var frå Kvanne og grendene rundt.

Ingen frå Stangvik kommune meldte seg til krigsteneste for Nazi-Tyskland som frontkjempar, i motsetning til mange andre kommunar på Nordmøre. Frå det krigsherja Kristiansund kom 33, frå Tingvoll sju.

Tomtenøl og heimelagavin

Før krigen var Nasjonal Samling eit miniparti, som gjekk i oppløysing allereie i 1937. NS kom aldri over 1,8 prosent i val (1936, litt meir ved listesamarbeid i 1933). Slik sett var oppslutninga i gamle Stangvik kommune relativt stor.

I 1943 satt Hans Hyldbakk på Kleiva og skreiv artikkelen «Nazismen vår og nazistane våre», som på grunn av nazi-diktaturet først kunne trykkast i «Kleivabrev frå krigstida» i 1945. Her gir han denne fargerike skildringa av dei lokale NS-miljøa:

«I sjølve Stangvikbukta var det dansen kring «Gullkongen» med heile hans hoff, som samla så stor ein mannshusing. I Ålvundfjorden derimot var det tomtenølet og heimelagavinen som samla og inspirerte.»

Les også

Stangvik-historie med minnesvikt?