Moria: Å leve i uvissa – håpar Surnadal vil hjelpe


Bilete teke av Petter Foshaug under ei markering om alle borna i Moria-leiren. 7499 par barnesko, eitt for kvart barn, blei sett ut på Ulvøya i Oslo, dei skal sendast ned til leiren.

Bilete teke av Petter Foshaug under ei markering om alle borna i Moria-leiren. 7499 par barnesko, eitt for kvart barn, blei sett ut på Ulvøya i Oslo, dei skal sendast ned til leiren.

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det er no fem veker sidan skular og barnehagar stengde i Noreg. I Surnadal har lærarar arbeidd for at borna skal få eit godt skoletilbod i heimen. Løysingsorienterte foreldre og ansatte i kommunen har gjort at dette etter forholda har gått bra. Helsepersonell har teke i bruk nye rutinar, og står på for å ta vare på dei som treng helsehjelp og omsorg. Næringslivet gjer det beste ut av det, og administrasjonen i kommunen står på dag og natt for at vi skal bli minst mogleg ramma av den krisa som heng over oss.

Eg er sikker på at alle gjer sitt beste og at vi skal greie dette saman. Vi må hugse at dette er ein ny og uvant situasjon for absolutt alle, og difor vera rause med kvarandre og oss sjølv. Uvissa er kanskje det verste, vi veit ikkje noko om kor lenge eller kor ille dette kan bli for oss. Verken helsemessig eller økonomisk, verken lokalt eller globalt.

Vi må og hugse dei som lever i ei anna uvisse. I flyktningeleiren Moria sit det no 20 000 menneskje, mellom 7000-8000 av desse er born, altså fleire enn Surnadal Kommune si befolkning. Over 1000 er einslege mindreårige, i Surnadal tilsvarar det omtrent alle borna vi har under 18 år. Her heime kan vi få bort noko av usikkerheita, vi har moglegheit til å vaske hender, isolere oss i store eineboligar. Vi kan søkje støtte hos stat, kommune, bankar, familie og vener.

I Morialeiren deler 1300 på ein vannkrane, og dei har heller ikkje tilgong på såpe. Mange er åleine, utan pengar, utan pass. Mange har opplevd drap, truslar, vald og overgrep. Usikkerheita deira er nok også knytt til koronaviruset. Korleis skal det gå med jenta som er underernært og som treng helsehjelp, når belastninga på helsepersonellet også her blir overbelasta? Korleis blir det om familien på andre sida av det opphengde ullteppet blir smitta? I tillegg er dei usikre på framtida, på ein heilt anna måte enn oss. Korleis blir verda no, vil land stenge grensene, verne om sitt? I kva land ligg framtida mi, og har eg i det heile noko framtid? Dette er spørsmål så fjerne frå min kvardag, at eg greier vel ikkje å sjå det for meg. Men enkelthistorier fortald om born på 2 år som driv med sjølvskading, nyfødte som søv i telt i vinterkulda, riv meg i hjartet. Eg har sjølv tvillingar på 3 år, akkurat no når eg skriv dette ligg dei i sengene sine, varme, friske og mette.

Eg meiner vi må ta ansvar og vise solidaritet med dei som er i naud, og spurte formannskapet i Surnadal om å bli med på ein uttale, der vi støttar oppropet om å evakuere borna frå Moria no. Eg meiner vi skal vera eit av landa som tek i mot dei som flyktar frå overgrep, krig og svolt. Eg meiner at det no, meir enn nokon gong, er nødvendig. UNHCR, EU-parlamentet og Europarådets menneskerettskommisær ber om evakuering. Hellas spør Europa om hjelp, hjelp for 3000 av borna. Frankrike, Portugal, Luxembourg, Finland, Kroatia, Irland, Bulgaria og Tyskland vil bidra. Noreg meiner vi skal hjelpe dei der dei er. Men leiren er bygd for 3000 og husar no 20 000. Det har vore umenneskelege forhold der i lang tid. Det er ei krise, og enda meir no med korona som trugar over heile verda.

Ordførar Margrete Svinvik med fleire støtta meg, og vil vera med og løfte saka i neste kommunestyremøte - slik at vi kjem med ein uttale frå Surnadal kommunestyre. Vi ønskjer å vise solidaritet utanfor eigne grenser. Vi vil seie frå til regjeringa at vi ønskjer å evakuere borna frå Moria no, eg meiner og Surnadal bør ta imot nokon. Det er snakk om 20 born for Norge sin del. Spør du meg, har vi kanskje plass til nokre til også.

Eg håpar fleirtalet i Surnadal kommunestyre sluttar seg til uttalen, og oppmodar med dette fleire lokalpolitikarar i Møre og Romsdal om å ta initiativ og gjere det same. Til no har Kristiansand, Risør, Hamar, Lillehammer, Bodø, Vestvågøy, Vågan, Oslo, Stavanger, Harstad, Trondheim, Bergen, Namsos, Midt-Telemark, Vik, Nordre Land, Alstadhaug, Bømlo og Kvinnherad støtta oppropet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken