Møreaksen har «torpedert» heile fylket

Møreaksen er ei katastrofe for samferdselsfylket Møre og Romsdal, meiner Frank Sve.

Møreaksen er ei katastrofe for samferdselsfylket Møre og Romsdal, meiner Frank Sve.

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Helge Orten og co har gjennom sin iver og sitt undersjøiske tunnelsyn for kun eit prosjekt, Møreaksen, sett fylket 10 år attende samferdselsmessig.

Møre og Romsdal har hatt leiaren i transportkomiteen i denne Stortingsperioden, og dette er det viktigaste vervet for å skape aktivitet innan samferdsel i fylka. Ikkje ein cm veg er bygd, og dette er resultatet av at spesielt Høgre og Orten har på inn og utpust kun framsnakka Møreaksen. Dette har tydeligvis vore taktikken for å hindre at andre prosjekt her i fylket skulle starte opp, og såleis kunne risikere å ta midlane vekk frå Møreaksen.

I debatt etter debatt, innlegg etter innlegg, høyringar etter høyringar har Møreaksen-forkjemparane skvisa alt av andre viktige samferdselssaker her i fylket, og har klart å stoppa oppstarta av dei store prosjekta på eksportvegen vår E-136.

Vel vitande om at dersom dei 4,43 milliard kr til prosjekt som står i fyrste delen av gjeldande NTP her i fylket ikkje vart igangsatt, ville dei få muligheita til å «knabbe» alle pengane i NTP til Møreaksen.

Når vi til dømes høyrer på den reelle leiaren i Høgre her i fylket, Torgeir Dahl i sin debatt ang ny NTP, så dreiar absolutt alt seg om Møreaksen, og kun Møreaksen. Kva dersom alle andre i fylket kun skulle sjå sin eigen navle, kva hadde skjedd med samferdselsfylket då?

Når vi no også opplever at Helge Orten som leiarar av Transportkomiteen på Stortinget, kun frontar Møreaksen som står uprioriterte med kun 6 milliard kr i perioden 2024-2029 og såleis milevis unna realisme, samt heilt uprioriterte bypakkar i Ålesund og Molde til meir en 5-6 milliard, forstår alle grunnen til at det dei siste 4 åra ikkje er bygd ein cm riksveg her i fylket.

Møreaksen er ei katastrofe for samferdselsfylket Møre og Romsdal. Dette prosjektet har sett fylket 10 år attende, og fylket ligger bakerst i køa for oppstart av vegprosjekt her i landet.

Statens vegvesen Region midt har også stort sett hatt Møreaksen som sitt hovudfokus, det same gjelder fylkesrådmannen. Kva som egentlig ligger bak at desse også er inne i dette «Møreaksenmiljøet», forundrar mange.

Får Møreaksen forkjemparane gjennomslag for oppstart i nær framtid, vil Møreaksen ta alle samferdselskroner her i fylket dei 10-15 neste åra, med sitt gigantbeløp på 25-30 milliardar kr. Alle forstår då at andre prosjekt her i fylket berre kan gløyme å kunne få midlar til oppstart, og Helge Orten kan sole seg i glansen for tidenes dyraste lokalvei til øya si.

Dersom ikkje innbyggjarane og politikarane i alle kommunar her i fylket snart våkner skikkeleg, vil dette gå skikkeleg gale. Kryssing av Romsdalsfjorden skal vi utgreie, men då med ei grundig og upartisk utgreiing av Romsdalsaksen.

Statens vegvesen region midt som har utført vurderingar til no, har like stor truverdigheit til å utgreie Romsdalsaksen som reven som hønsepassar i hønsegården.

At fleirtalet i fylket har teke vekk ordet Møreaksen frå NTP høyringa i samferdselsutvalget, bør vere starten på slutten for å nevne Møreaksen i alle samanhengar i framtida.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags