Alle andre større veg og utbyggingsprosjekt i Norge har fått formidable prisaukar pga. skyhøge stål, betong, sprengstoff, drivstoff og generell kraftig prisvekst. Møreaksen derimot forsøker å bløffe alle.

Det store prosjektet i Oslo ved utbygging av Fornebubanen har gått frå 4,5 milliard kr og siste anslag 31 milliard kr. Endar heilt sikkert på både 40-50 milliard kr etter kvart på grunna den ekstreme prisveksten. Statens vegvesen og Nye veier AS utsett fleire vegprosjekt rundt omkring i landet på grunn av den samme galopperande prisveksten.

Då er det latterlig å vere vitner til «svindelen» ved Møreaksen, der nokon febrilsk forsøker å framstille eit stort «under» ved at dette prosjektet ikkje blir ramma av prisveksten. Møreaksen er beregna til ca. 24-25 milliard kr. Med den gjeldande ekstreme prisveksten vil dette prosjektet etter alle erfaringstall reelt vere godt over 30-40 milliard kr. Dette aukar dag for dag, og regjeringa varslar nedeskalering av større vegprosjekt. Såleis er Møreaksen sjanselaus, og vil sjølvsagt bli stappa djupt ned i ei skuffe.

Bygg ny E-39 Veibust, Blindheim - Breivika. Blindheimtunellen skal maks lovleg ha 20.000 bilar i døgnet, men ligg langt over med sine 20.0000-30.000 bilar i døgnet.

Kven har gjeve løyve til å nedprioritere E-39 Blindheim-Breivika, fylkets mest trafikkfarlige område og mest trafikkerte vegstrekning? Når vart trafikken på 2.300 bilar over Romsdalsfjorden eit trafikkproblem eller eit trafikkfarleg område?

Møreaksen er ei haudelaus prioritering, utan fagleg forsvarleg forankring ang trafikkutfordringar, trafikkmengde eller trafikkfarlige vurderingar.