Gå til sidens hovedinnhold

Møreaksen: – Du har utført nok politiske piruettar no, Sve!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

For å realisere store samferdselsprosjekt hjelper det å være uthalden som ein maratonløpar, og forholde seg til løypa, verkeligheita og fakta. Og ikkje til fiksjon og påstandar. Realiteten er at ingen større samferdselsprosjekt har blitt realisert på under 33 år - og for dei som ønskjer at ingen ting skal skje, er kanskje året 2054 noko å sjå fram til.

Møreaksen er ei ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden som ein del av E39 Ålesund- Molde, inkludert strekninga E39 Vik-Julbøen. Møreaksen har gjennom dei fire siste fylkes - og stortingsperiodane gjennomgått og bestått alle krav til konsekvensutredningar og kvalitetssikring. Møre og Romsdal fylke har som kjent også prioritert E39 Ålesund -Molde, inklusiv Møreaksen, i sine innspel til Nasjonal Transportplan. Forskjellige regjeringar og storting har i 2009, 2011, 2013, 2014, 2017, 2018 og 2019 behandla og beslutta viktige milepæler med stor betydning for ferjefrie samferdselsprosjekt. Og svært gledeleg bekrefta regjeringa igjen prioritert bygging av Møreaksen med valt trasévalg i Ny Nasjonal Transportplan 2022 - 2033. Vedtaket i mars medførte på nytt full gass med konspiratoriske og usanne påstandar, publisert på inn- og utpust og begge målføre.

Misnøyen sitt mekka var også aktiv og etablert tidligare, for å stoppe bygging av andre framtidsretta og gode fastlandsamband i Møre og Romsdal. Tusener av personar protesterte og advara sterkt mot all elendigheita som ville ramme brukarane i bygd og by om desse «forferdelige prosjekta» ville bli realisert. Prosjekta kom det eine etter det andre, utan nokon form for elendigheit, men kun med betre tilgjenge, mogelegheit, glede og trivsel.

Det er nok no

Frank Sve, Framstegspartiet sin fylkestingsrepresentant i Møre og Romsdal, har i godt over eit år inntatt førarsetet i bussen mot Møreaksen. Fleire vil gjerne sitje på bussen og framføre populistiske meiningar og synspunkt, ofte med feilaktige og usanne påstandar om Møreaksen og personar. Det er, for å bruke Sve sitt eige favorittuttrykk: greinalaust. Det er nok no - med gjentatte og usanne påstandar om udemokratiske metodar, manglande legitimitet, ufullstendige og manglande vedtak framført om Møreaksen.

Piruettar utførast i ein serie, der fire til fem dreiingar er vanlig, mens andre snurrar ti til tolv omdreiningar. Frank Sve har etter mi meining utført nok politiske piruettar no, og snudd kappa etter vinden so mange gongar, at også kappeforet treng ettersyn.

Derfor er det nødvendig å vise til fakta om Framstegspartiet si deltaking, synspunkt og vedtak om Møreaksen-prosjektet gjennom fleire periodar og år:

• Frp var medlem i regjeringa Solberg i perioden 2013- 2020.

• Frp med Samferdselsminister hadde ansvaret for departementet i heile perioden.

• Frp med Finansminister hadde ansvar for Finansdepartementet i same perioden.

• Frp deltok i alle interne og eksterne kvalitetssikringar og krav med ansvarlige statsrådar og andre om Møreaksen, på oppdrag frå - og med ansvar frå Finansdepartementet.

• Frp med sin Samferdselsminister godkjente og ga sin tilslutning og anbefaling - om konseptvalgutredningane som alle omhandla og anbefalte fjordkryssinga med Møreaksen som det beste og anbefalte trasévalet.

• Anbefalingane frå samferdsels og Finansdepartementet vart deretter godkjent og seinare vedtatt av regjeringa med Framstegspartiet i regjering.

Les også

Møreaksen: Lurt å snu i tide

Les også

Hevder Tautratunnelen kan drives til 40 prosent billigere meterpris enn Rogfast

Les også

Parodien er det Frank Sve som står for

Les også

Parodien Møreaksen

Vil påpeike og sitere nokre ytringar, synspunkt og vedtak som Framstegspartiet sine sentrale politikere publiserte og framførte offentlig i tida 2016 -2019. Sitat: «Vi er blitt einige om å prioritere Møreaksen i Nasjonal Transportplan». Nytt sitat: «Det er for oss ei klar prioritering av Møreaksen, og ferjefri forbindelse mellom Ålesund og Molde». Nytt sitat: «Møreaksen vil bygge fylket saman og dermed legge grunnlaget for ein større bu - og arbeidsmarkedsregion». Nytt sitat: «Møreaksen er viktig for heile fylket, frå Nordmøre i nord til Sunnmøre i sør». Nytt sitat: «Ein samla Mørebenk stiller seg gledeleg bak regjeringens trasévalg for kryssing av Romsdalsfjorden», sitat slutt.

Bryr seg ikkje om lokalt bråk

Med Framstegspartiet sin parlamentariske leiar og seinare statsråd i spissen, vart det kalla inn til møte og pressekonferanse om - og presantasjon av Møreaksen i 2017 i Molde. Der vart det på nytt påpeika og gjentatt av samtlige politikere og parti under denne seansen, Møreaksen sin store og viktige betydning. Jon Georg Dale, Frp, var Samferdselsminister i tidsrommet 2018- 2020, og hans klare synspunkt og meining publisert i 2019 om Møreaksen, er kanskje også greitt å gjenta: «Samferdselsministeren bryr seg ikkje om lokalt bråk om Møreaksen - heller ikkje frå sitt eige fylkesparti. Fylkestinget har gjort sine vedtak, det har også regjering og stortinget gjort, fokuset mitt er framdrift».

Eg vil anbefale Frank Sve å kjøpe seg ei ny kappe, den gamle er nok utslitt etter å ha blitt snudd så mange ganger etter vinden. No bør det, etter mitt syn, bli slutt på nye politiske piruettar i saka om Møreaksen. Den sure, populistiske vinden bør stilne no, og bussen mot Møreaksen bør innstilles permanent.

Kommentarer til denne saken