Med verknad frå 26. april 2021 vart alle tingrettar i landet omgjort til rettsstadar innanfor 23 uliketingrettar. Det medførte at dei tidlegare tingrettane i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund vart førtvidare med alle tilsette, kontorstadar – og rettslokale i ein felles domstol. Bakgrunnen for modellenvar eit ønskje om desentraliserte domstolar, samtidig som vi fekk grunnlag for betre ressursutnytting og sterkare fagmiljø.

Møre og Romsdal tingrett har lagt ned store ressursar for å etablere Møre og Romsdal tingrett som ny domstol. Sjølv om vi allereie har hausta gevinstar som større domstol, har vi ikkje tatt ut det potensiale som ligg i vår nye domstol. Den første tida har vi særleg hatt fokus på legge eit godtgrunnlag for felles drift framover, der vi særleg har hatt fokus på å styrke dei mindre rettsstadane. Vi har etter kort tid hatt stor effekt av at dommarar og sakshandsamarar har arbeida på tvers av rettsstadane. Møre og Romsdal tingrett vert ikkje i same grad som våre tidlegare domstolar ramma ved fråvær og svingingar i saksmengde. Digitale saker og eit felles system gjer at vi kan overføresaker mellom sakshandsamarar og dommarar, uavhengig av rettsstad. På denne måten får vi både ein betre ressursbruk eit større og sterkare fagmiljø.

Kjem heile distriktet til gode

Leiarane i Møre og Romsdal tingrett har faste kontorplassar på ulike rettsstadar. Vi har etablert eit arbeidsmiljøutval med representasjon frå alle rettsstadane. Etter aktivt engasjement og involvering frå tilsette er vi i ferd med å lande både felles retningslinjer for sakshandsaming og faggrupper med ein fagansvarleg dommar innan dei ulike saksområde. Frå 2022 vil vidare ei gruppe dommararsamansett med representantar frå alle fire rettsstadane utgjere ei meklingsgruppe som skal spesialisere seg på rettsmekling. Formålet er at vi i domstolen skal kunne gje eit vesentleg betretilbod om rettsmekling på alle rettsstadane. På denne måten får vi både styrka kvar rettsstad, samtidig som vi i domstolen samla oppnår eit større ressurs- og fagmiljø. Dette meiner vi kjem både tilsette, profesjonelle aktørar, brukarar og heile distriktet vårt til gode.

For å lykkast saman er det grunnleggjande at alle rettsstadane har sterke einingar og med mest mogleg likt utstyr og godt fungerande lokale. Leiinga har også faste kontorplassar på ulikerettsstadar. Vi har starta ombygging av kontor – og rettslokale i Molde. Det er vidare avgjort at Volda skal få nye lokale og teknisk utstyr innan utgongen av 2022. I Kristiansund er det særleg viktig å få på plass betre teknisk utstyr. I Ålesund har vi allereie godt fungerande med lokale og utstyr. Rettsstaden Volda er vidare styrka ved ei stilling som tingrettsdomar til erstatning for ein dommarfullmektig.

Undrande til regjeringa si reversering

Kristiansund og Molde er styrka med sakshandsamarstillingar. Det ligg med andre ord godt til rette for at vi i Møre og Romsdal får fire velutrusta lokale og vi har svært gode ressursar i godt kvalifiserte og motiverte tilsette. Leiargruppa i Møre og Romsdal tingrett stiller seg undrande til at den nye regjeringa har vedtatt å reversere domstolsreforma, utan at verknadane av reforma er vurdert. Rett nok er det opna for at vi kan halde fram dersom det er semje mellom domstolleiar, tilsette og kommunane. Det er krevjandefor alle tilsette å stå i endringssituasjonar, samtidig som ein dagleg har stort arbeidspress. Ein uavklart situasjon om prosessen vidare gjer det ekstra tyngande for tilsette.

Vi er av den klare oppfatning at den mest framtidsretta måten vi i Møre og Romsdal kan sikre både eit desentraliserte tilbod og samtidig robuste domstolar, er gjennom felles satsing på Møre og Romsdal tingrett. Gjennom ein større organisasjon vil vi òg kunne vere meir brukarvenlege i møte med publikum og faste aktørar. Saman vil vi også ha større tyngde inn mot krav om ressurstildeling og i høve til rettsleg utviklingsarbeid. Møre og Romsdal tingrett er etter vår meining mest framtidsretta for vårt fylke.