Gå til sidens hovedinnhold

Møre og Romsdal jordskifterett – kva no?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Den nye regjeringa har gjennom «Hurdalsplattforma» kunngjort at ein vil reversere domstolreforma som vart gjennomført i 2021. Dette har også verknad for Møre og Romsdal jordskifterett, sjølv om dei debattinnlegg og synspunkt som kjem fram i ulike media for tida stort sett handlar om tingrettane.

Eg ønskjer først og fremst med dette innlegget å gi litt informasjon om Møre og Romsdal jordskifterett, og kva som er status i dag etter at den nye strukturen har fått verka i 5 månadar. Som jordskifterettsleiar for den nye domstolen er det vel innlysande kva mitt syn på reverseringa er, og skal ikkje gå så mykje inn på det her. Eg er gitt eit embete med å leie den nye domstolen, og hadde ikkje takka ja om eg ikkje hadde tru på den nye strukturen.

Regjeringa har opna for at det kan gjerast unntak frå ei reverseringa dersom domstolleiar, dei tilsette i domstolen gjennom sine tillitsvalde, og kommunane i rettskretsen er samde om dette. Spørsmålet som desse partane må ta stilling til er såleis om det bør gjerast unntak for Møre og Romsdal jordskifterett? Det er ikkje sagt så mykje enno frå regjeringshald om korleis denne prosessen for å avklare eit mogleg unntak skal gjennomførast. Det er viktig at slike prosessar er grundige og opne, og at relevant informasjon og fakta er på bordet for dei som skal fatte slike viktige avgjerder. Det er trass alt strukturen for den 3dje statsmakt vi snakkar om, og vi kan ikkje ha slike prosessar kvart 4. år. Dette er slitande og ressurskrevjande prosessar for alle som er involverte, og dei fjernar fokuset frå det vi i domstolen ønskjer å nytte tida på, nemleg å løyse saker og tvistar for partane.

Fakta om Møre og Romsdal jordskifterett

Møre og Romsdal jordskifterett trådde i kraft 14. juni i år og utgjer det som tidlegare var Nordmøre jordskifterett, Romsdal jordskifterett og Sunnmøre jordskifterett. Rettskretsen omfattar alle kommunane i Møre og Romsdal pluss Rindal i Trøndelag. Domstolen har 3 likeverdige rettsstadar i Surnadal, Molde og Ørsta. Dette er dei same rettsstadane som ein hadde tidlegare. Vi har i dag totalt 17 stillingsheimlar fordelte på 5 jordskiftedommarar, 1 jordskiftedommarfullmektig, 7 tekniske utgreiarar, 3 saksbehandlarar og 1 jordskifterettsleiar. Fordelt på rettsstadane har Surnadal og Molde kvar 5 tilsette (2 dømande, 2 tekniske utgreiarar og 1 saksbehandlar). Ved kontoret i Ørsta har ein 2 dømande, 3 tekniske utgreiarar og 1 saksbehandlar. I tillegg har leiaren sin faste kontorstad i Ørsta. Bemanninga på dei ulike rettsstadane er også den same som ein hadde tidlegare. Forskjellen er no at vi har 2 færre leiarar som har gått over til å vere fulltids jordskiftedommarar, noko som har auka dommarkapasiteten i domstolen.

Den største utfordringa for Møre og Romsdal jordskifterett har vore, og er framleis, den lange ventetida for behandling av saker. Særleg har dette vore gjeldande på Sunnmøre, der ein har måtte venta over 2 år på å få behandla saker. Gjennom samanslåinga har vi no fleire ressursar å spele på i saksavviklinga, og reint praktisk så nyttar vi no ressursar både frå Molde og Surnadal inn mot avvikling av saker på Sunnmøre. Dette bidreg positivt til å redusere ventetida på Sunnmøre, men det er også med på å sikre ei jamnare belastning på alle ressursgruppene, og ikkje minst trygge grunnlaget for bemanninga på dei rettsstadane der sakstilfanget er mindre og meir varierande.

Vidt spekter

Jordskifteretten har fått på plass felles rutinar og prosedyrar for dei fleste oppgåvene. Dette sikrar brukarane like tilbod og er med på å gjere oss mindre sårbar ved t.d. fråvær og sjukdom. Kontoret i Ørsta handterer all inngåande fysisk post, medan kontoret i Surnadal og Molde har ansvaret for sentralbordfunksjonen. Saksbehandlarane arbeider no med sakene på tvers av rettsstadane alt etter kvar behovet er, og kapasiteten er ledig. Denne fleksibiliteten sikrar betre ressursutnytting og har positiv effekt på den faglege utviklinga både for den enkelte medarbeidar og for domstolen samla sett. I tillegg har det auka oppetida til jordskifteretten, og medverkar til at brukarane i større grad er sikra rettsleiing og hjelp når dei kontaktar jordskifteretten.

Jordskifteretten arbeider med eit vidt spekter av saker og problemområde innanfor eigedomsrett, bruksrettar i fast eigedom og skjønn. Dette er alt i frå mindre grensefastsettingar og rettsutgreiingar til store vegjordskifte, bruksordningar for ulike formål, og gjennomføring av ulike skjønn. Enkelte saker krev særleg kompetanse, og det er vanskeleg å sikre denne kompetansen på alle dei ulike saksfelta i domstolar med få dommarar og tekniske utgreiarar.

Lokal gjennomføring

Eit anna området som eg vil trekkje fram er rettsmekling. Rettsmekling er eit viktig verkemiddel som jordskifterettane ønskjer å tilby og auke bruken av. Å drive mekling krev også særleg kompetanse, og samla har vi no i Møre og Romsdal jordskifterett større moglegheit for å tilby dette verkemiddelet for heile rettskretsen enn vi har kvar for oss som sjølvstendige domstolar. Ein rettsmeklar kan ikkje vere dommar i saka dersom meklinga ikkje fører fram, og for små domstolar med avgrensa kompetanse i rettsmekling, kan dette ofte føre til inhabilitet i neste omgang. Dette gjer at det kan vere vanskeleg å tilby rettsmekling for enkelte mindre domstolar.

Jordskifteretten gjennomfører i all hovudsak rettsforhandlingane og rettsmøta ute lokalt nær partane og dei eigedomane saka omfattar. Rettsmøta blir til vanleg haldne i lokale kommunehus eller kommunale servicekontor, og synfaring og påvisingar i marka er ofte nødvendig og ein viktig del av bevisføringa i sakene. Dette skal vi halde fram med. Partane er framleis stort sett sjølvprosederande, sjølv om vi ser ein auka bruk av advokatar også i jordskifteretten, og dei kan framleis ta kontakt med den rettsstaden dei soknar til for rettleiing, og for å levere krav. Ein kan derfor vanskeleg sjå at strukturendringa har fått nokon negativ verknad for brukarane av domstolen. Tvert om så vil truleg mange etter kvart oppleve at sakene kjem opp til behandling tidlegare ved at vi har fått auka dommarkapasiteten og oppnår betre ressursutnytting.

Prosessen framover

Møre og Romsdal jordskifterett køyrer no ein intern prosess gjennom dei tillitsvalde for å avklare haldninga til ei reversering. Resultatet av denne prosessen er i skrivande stund ikkje klar, og eg skal på ingen måte forskotere resultatet. Det vi veit er at det blant dei tilsette i dei 3 tidlegare jordskifterettane i Møre og Romsdal var ein nokså unison motstand til den reforma som domstolkommisjonen og regjeringa i første omgang la opp til. Etter å ha virka som leiar for den nye domstolen i nokre månader og arbeidd tett saman med alle tilsette frå dei 3 rettsstadane for å få til gode rutinar og prosessar, og betre ressursutnytting, er det mitt inntrykk at oppfatninga blant dei tilsette til den nye strukturen er endra og langt meir positiv i dag. Kvifor?

Er kanskje svaret at vi allereie no ser at vi har fått ein positiv effekt av strukturendringa? At vi ser vi kjem til å lukkast betre med å få til dei nødvendige omleggingane for å sikre sterkare fagmiljø og betre ressursutnytting, som eg trur stort sett alle på tvers av alle politiske skiljelinjer er oppteken av? Vidare, at vi samstundes har sikra domstolen lokal tilhøyrsle og nærleik til brukarane, og at ein med det også sikrar viktige arbeidsplassar i distrikta?

Skal stadleg leiing trumfe alt anna?

Er det faktisk slik at om ein skrellar vekk all politisk innpakning eller andre meir eller mindre relevante synspunkt, så er det eine relevante argumentet ein står att med til fordel for reversering, å sikre stadleg leiing på kvar rettsstad? Eg skal vere den første til medgi at stadleg leiing er viktig, og har lang erfaring frå det motsette. Er likevel stadleg leiing så viktig i seg sjølv at det trumfar alle dei forholda reforma bidreg positivt med, og som eg ovanfor har freista å skildra nokre av? Kor liten kan ein domstol vere i talet på tilsette for å sikre både oppetid, godt arbeidsmiljø og nødvendig fagleg styrke for dei oppgåvene vi er pålagt å løyse? Eg trur at over tid vil ei reversering tilbake til dei tidlegare jordskifterettsdomstolane i Møre og Romsdal ikkje vere berekraftig. Vi blir rett og slett for få i kvar domstol. I følgje domstolkommisjonen si utreiing del 2, er det også grunn til å tru at jordskifteretten kan få utvida sin kompetanse framover, og vi må derfor sikre at dei enkelte domstolane er robuste nok til å handtere dette.

Regjeringa har uttalt at ein ønskjer å sjå på moglegheitene for å lette samarbeid på tvers av domstolar. Det er positivt, og vil ha relevans også med den nye strukturen. Eg vil likevel åtvare mot å tru at dette er ein enkel og rask prosess. Dette vil krevje omfattande utgreiingar og prosessar som truleg vil krevje lovendringar. Det vil ta tid, og kravet til å sikre domstolane si uavhengigheit må vege tungt.

Les også

Møre og Romsdal tingrett: – Undrande til regjeringas reversering

Les også

Vil reversere domstolsreformen – nå kan Nordmøre tingrett gjenoppstå

Kommentarer til denne saken