Molde får seks lærarspesialistar, Kristiansund og Ålesund får ingen

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

31 norske kommunar får lærarspesialistar i ny ordning. Ingen av dem havner på Nordmøre.

DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

No er det klart kva for kommunar som får lærarspesialistar. Over 200 lærarar fordelt rundt om i landet får prøve ordninga dei neste åra, skriv  Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

I alt får 208 lærarar frå hausten 2015 jobbe som spesialistar i norsk eller realfag. Desse lærarane får anten høgre løn eller mindre undervisningstid, eller ein kombinasjon. Dette skal gi dei høve til å bruke meir tid på fagleg leiing og vere pådrivarar for fagleg utviklingsarbeid i skulen, samstundes som dei har undervisning som hovudoppgåve.

– Ordninga med lærarspesialistar gir lærarane høve til å velje ein fagleg karriereveg, og vi trur det vil bidra til å rekruttere dyktige lærarar og heve statusen til lærarane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, i pressemeldinga.

Utdanningsdirektoratet har valt ut totalt 31 kommunar, seks fylkeskommunar og ein privatskule som får ha spesialistlærarar over ein prøveperiode på to år.

– Dei kommunane og skolane som får lærarspesialistar, har lagt vekt på at spesialistane blir mest mulig nyttige også for heile skolen og dei andre lærarane, seier Torbjørn Røe Isaksen.

Her er oversikta over kven som får lærerspesialistar:

Spydeberg kommune Østfold 4

Bærum kommune Akershus 5

Skedsmo kommune Akershus 5

Ullensaker kommune Akershus 8

Oslo kommune Oslo 20

Ringsaker kommune Hedmark 6

Eidskog kommune Hedmark 6

Lillehammer kommune Oppland 10

Sør-Fron kommune Oppland 3

Drammen kommune Buskerud 12

Nøtterøy kommune Vestfold 4

Kragerø kommune Telemark 5

Marnadal kommune Vest-Agder 4

Åseral kommune Vest-Agder 1

Audnedal kommune Vest-Agder 3

Lindesnes kommune Vest-Agder 3

Hægebostad kommune Vest-Agder 2

Randaberg kommune Rogaland 3

Lindås kommune Hordaland 8

Molde kommune Møre og Romsdal 6

Sande kommune Møre og Romsdal 6

Melhus kommune Sør-Trøndelag 3

Fosnes kommune Nord-Trøndelag 1

Hadsel kommune Nordland 2

Harstad kommune Troms 10

Lavangen kommune Troms 1

Bardu kommune Troms 4

Salangen kommune Troms 1

Målselv kommune Troms 7

Dyrøy kommune Troms 1

Alta kommune Finnmarks 6

Vestfold fylkeskommune Vestfold 8

Vest-Agder fylkeskommune Vest-Agder 2

Hordaland fylkeskommune Hordaland 6

Møre og Romsdal fylkeskommune Møre og Romsdal 12

Sør-Trøndelag fylkeskommune Sør-Trøndelag 10

Nordland fylkeskommune Nordland 9

Tryggheim vgs Rogaland 1