Uakseptabelt å forringe fergetilbudet

Av
DEL

MeningerTil Fylkesutvalet Møre og Romsdal fylkeskommune:

Som sikkert dei fleste i fylkesutvalet har registrert er det store protestaksjonar på gang i Møre og Romsdal.

Aksjonen «Protest mot økte fergetakster» nærmar ser 18.000 medlemmar og det er satt i gang ein underskriftsaksjon der i skrivande stund 9.000 har signert på nett i løpet av tre dagar i tillegg til eit stort antal på underskriftslister i heile fylket.

Næringsliv, kommunestyrer, ordførere med fleire har og gitt klare signal om at takstauke og dårligare tilbud er uakseptabelt.

Folket i Møre og Romsdal er frustrerte og leie av å bli påtvungne endå større kostnader som vil føre til uhaldbare konsekvensar for pendlarar, pasientar, turistar og ikkje minst næringsliv. Det er skræmande når det har kome dit at foreldre frårår sine etterkomarar å etablere seg i øykommuner eller fergeavhengige stadar fordi det, saman med andre offentlige kutt, gjer det usikkert om det blir leveleg i framtida.

På vegne av dei 18.000 i gruppa krev vi:

- At Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje set opp prisane/endrar takstsonene frå dagens nivå, og dermed reviderer ei auke på to takstsoner.

- At tilboda må oppretthaldast og forbedrast slik det allereie er vedtatt.

- At fylket får overføringar frå staten som samsvarar med utgiftene slik at næringsliv og innbyggarar kan få same vilkår som andre delar av landet.

Aksjonen har så vidt starta og folket vil framover på mange måtar klart vise at dette vil vi ikkje finne oss i lengre.

Som representantar for folket håper vi sterkt at de og ser at dette går feil veg og tek konsekvensen av det.

På vegne av Protestaksjonen mot økte fergepriser.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags